Bunnfelling med klarurt

Frode

 
Hei.

Har brukt klarurt på dei to siste brygga mine, men sliter litt med bunnfellinga. Dvs. eg ser proteinene klumpar seg i fine klumpar når eg lar brygget stå og kvile ein time etter nedkjølinga, men det synker ikkje til bunnen, det blir berre ståande i ro. Ein annan ting som også er litt interessant er at desse klumpene dannar seg i ei søyle akkurat der som kobberspiralen eg har brukt til nedkjøling har stått, eg reknar med det er der vatnet er kaldast.

Er det nokon som veit korleis eg kan få det til å synke til bunnen?

På det første "klarurt-brygget" mitt gjekk det forsåvidt greit uansett, det virka som om det sank til bunnen då det stod på gjæringsbøtta, og den første flaska eg smakte på var veldig klar.
Den siste eg smakte på av samme brygg var imidlertid veldig grumsete, men det trur eg var ein av dei siste flaskene eg tappa frå bøtta (hadde det over på ei ny bøtte der eg blanda inn sukker før eg tappa på flasker).

Frode
 
Hvor mye klar urt bruker du og hvor lenge kokes den sammen med brygget? Har selv brukt Irish Moss (som klar urt er utvunnet av) og det virker å felle ut bra. På den andre siden så er bruk av Irish Moss vært mye diskutert og betvilt... Jeg vet ikke om det hjelper mye, men igangsetter du også en 'whirlpool' (mælstrøm) slik at grumset samler seg i midten av kjelen, før avtapning?
 
Eduard skrev:
Hvor mye klar urt bruker du og hvor lenge kokes den sammen med brygget? Har selv brukt Irish Moss (som klar urt er utvunnet av) og det virker å felle ut bra. På den andre siden så er bruk av Irish Moss vært mye diskutert og betvilt... Jeg vet ikke om det hjelper mye, men igangsetter du også en 'whirlpool' (mælstrøm) slik at grumset samler seg i midten av kjelen, før avtapning?

Eg brukar så mykje som er anvist på klarurt-pakken, trur det er 1 gram per kg malt det står. Så eg har vel oppi ein 5 gram ca tenker eg. Men vekta mi er ikkje nøyaktig så det blir litt på slump.
Med malstrøm meiner du berre å vispe det rundt til det dannar seg ein malstrøm i kjelen? Det har eg ikkje gjort, sist tok eg berre å blanda det litt rundt under avkjøling ettersom eg la merke til at det var store temperaturforskjeller mellom vørteren rundt kobberspiralen (der den var nede på 18-20 grader) og heilt øverst i overflata der den gjerne låg på 40-50 grader.

Slik det er no så samlar grumset seg forsåvidt i midten, i ei stor søyle der som kobberspiralen har stått, med nokre få cm klaring til kjeleveggen. Men når eg brukar hevert og suger opp frå sidene tar det ikkje lang tid
før grumset blir sugd ut frå midten og ut mot heverten.

Frode
 
Tilsetter du klar urt sånn ca 10 minutter før kokeslutt eller gjør du annerledes?
 
Tilbake
Topp