Etter ca 2 år sidan eg sjekka denne cidertråden vil eg berre nevne ein oppskrift som har funka veldig bra for meg. Eg hadde smakt Bulmer's eplecider og tenkte at det var noko eg burde strebe etter for å få rett smak. Eg gjekk gjennom alle stadiene til cider, alt i frå til temperatur, gjær, sukkerinnhald, type eplejus osv. Den oppskrifta som falt best i smak for meg og mine kjente skal eg prøve å bekrive på best mogleg måte nedanfor. Den er ganske lett, og ein treng ikkje mykje kunnskap for å få denne rett.
- 25 l rema 1000 eplejus
- 4 l rema 1000 eplejus (for å danne kullsyre)
- Suketter 3,33 stk per liter eller 5 stk per 1,5 liters flaske (for at sideren skal verte litt søtare)
- Gjær - Eg har brukt gjæren frå "gjæringssett" som du får kjøpt på europris. Denne gjærar heilt ut noko som er viktig for å få den "crispe" smaken. Når eg har brukt andre typar gjær har det verte litt for mykje restsukker som har gjort sideren litt "tung" Spesielt vil eg nevne safale US-5 som ein gjær som har fungert DÅRLEG for meg i siderproduksjon.
Eg starter med å desinfisere dunk og juskartonger for så å fylle på 25 liter med eplejus. Eg prøver å helle i frå ei litt stor høgde for å få nok oksygen i sideren før den skal gjære. Når dunken har nådd 25 liter putter eg ein del gjær oppi. Eg har ikkje vore så uendeleg vitenskapeleg på det men har funne ut at for mykje gjær og varme vil lage svovelsmak i brygget. Brygget får stå i 2-3 veker i alt frå 18-23 grader men eg har samtidig fått gode resultat under 18 grader, men ikkje over.
2-3 veker etterpå kan eg flaske brygget. Her har eg for det meste brukt plastflasker for lettare å få meir sider og mindre grums, men det er opp til ein kvar korleis ein gjer det. Eg puttar i 4 liter eplejus som tilsvarer ca 13 gram sukker per liter og så reknar eg ut kor mange suketter eg treng til 29 liter (29*3.33= 96 stk. Eg puttar sukettene oppi cideren og rører litt rundt etter at dei har verte oppløst for å fordele søtsmaken i heile brygget. Når dette er gjort er det berre til å flaske i veg.
1-2 veker etter at brygget har vorte flaska anser eg ofte det som ferdig etter ein liten smakebit. Grunnen til gjær som har høg utgjæringsgrad er nettopp det å kunne drikke sideren etter kort tid.
Nyt brygget og gjerne kontakt meg om du har nokon tips for å gjere oppskrifta endå betre. I bunn og grunn er det berre å putte eplejus på dunk for så å gjære det og søte det opp litt.