Elektriske kjelar

katla

 
Eg har - etter første forsøk - innsett at å koka på ein vanleg komfyr med keramisk topp er heller vanskeleg å få til skikkeleg med dei mengdene det ofte vil vera i ei stor vørtergryte.

Ser no etter 30 liters elektriske kjelar med 3KW varmeelement som kan brukast på ein vanleg 16A kurs (eg tenkjer ikkje å laga meir enn 20-25 liter brygg i ein eingong).   Dei er ofte i utgangspunkt laga for kantinebruk til koking av tevatn.  Dei har naturleg nok ei sperre for å hindra overkoking - men den går eg ut frå at ein kan fiksa på - på eit eller annan vis. (og for alt kva eg veit så kan det jo henda at vørter kokar på lågare temperatur enn vatn).

Det er 2 hovedtypar slike kjelar: dei som har element direkte i kjelen og dei som har element bygd inn i/under botnen av kjelen.  

a) Tenkjer eg rett om eg går ut frå at å ha element i botnen av kjelen er betre enn å ha det direkte i kjelen?  (det er vel lettare å "svi" om elementet er inne i kjelen eller om det ligg innebygd under botnen?).  

b) Er det nokon som har erfaring med slike kjelar og modifisering av dei for at dei skal kunne koka? (og kanskje har erfaring med ombyggjing av termostatar til å vera meir presise?)
 
Jeg har en 25 l kjele med 3,5 kw high density element i. er ikke spor av brent på elementet etter endt bryggedag, bare å vaske av med en oppvaskbørste. Hvis du kjøper en ferdig kjele med overkoksikring, må denne koples bort. Hvis ikke vil aldri vørteren koke opp.
 
Tilbake
Topp