Endå ein juleale

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Eg driv og jobbar med smaking av ein fjorårs(!) juleølfavoritt i klasse F (CB) og tenking rundt ei oppskrift på juleale. Ut frå diverse omtalar vart fjorårets CB omtalt som den hadde "God maltrikhet, fin fylde. Preg av kaffe, julekrydder, røyk, sjokolade, lakris" (Dinmat.no) og "hengende skum. Aroma av moden frukt. Smaken er også mørk frukt og litt julekrydder. Behagelig søt ettersmak. Godt balansert." (kjempetorskens).

Eg prøver å få til ein ale som ikkje er for tung i sødmen samstundes som der skal vere litt "søt julekos" i den, derav både amber-, krystall- og store delar med munchenmalt. Tenker også at den bør ha litt markant smak og bitterheit, t.d. gjennom svartmalt og litt meir bitterheit enn anbefalt (27 mot 20-25). Er svak for CB juleøl (klasse F) der eg meiner å kjenne fin avstemnt sødme kombinert med litt tak gjennom svartmalt (?), kanskje også litt "hint av brent" sjølv om der nok ikkje er noko roasted malt i CB i det heile, men det kan det bli i min. Eg har også tenkt at den bør ha litt hovud og skum gjennom ein andel kveitemalt, men tenker at denne kanskje kan sløyfast.

Humle kan gjerne vere ein tysk klassikar, men har også lyst å bruke litt av Target-humla eg har på lager (må innrømme at litt av motivasjonen ligg i at eg snart må bruke den opp, men ser at t.d. andre anbefalar bruk av Target i juleøl). N.d.g. gjær har eg ein pakke Safbrew T-58. Denne skal visst vere god i ein porter der den gir preg av pepper og andre krydderi. Tenker også at denne, med sine belgiske aner, også kan vere med på å "lette trøkket" frå sødmen gjennom fruktigheit. Tenker her blå Chimay som i utgangspunktet var eit juleøl, der den høge alkoholprosenten (9) ikkje vert opplevd så heftig. Tenker at dette er pga gjæra som eg vurderer å gi eit litt meir fruktig inntrykk. Men om dette funkar i mitt oppsett er sjølvsagt eit anna spørsmål.

Ok. Oppskrifta, som eg meir enn gjerne får tilbakemeldingar på, er som følgjer:


Strandabøen mikrobryggeri - Kultursjefens juleale 2011
Style: Unspecified
Brewer: Frode Elias Sy

Statistics

Volume: 15 liters
OG: 1064
FG:
Alcohol: 5.9 % by vol.
Colour:  70 EBC (Very dark brown)
Bitterness:  26 IBU
BU/GU: 0.41

Fermentables
Pale Malt 7 EBC   1000 grammes
Wheat Malt   900 grammes
Munich Malt 20 EBC   1900 grammes
Amber Malt   300grammes
Dark Crystal 300 EBC  200 grammes
Black Malt 1200 EBC   130 grammes
Chocolate Malt   80 grammes

Mash schedule: 67 degrees for 75 minutes, 78 degrees for 10 minutes.

Hops
Hallertauer Mittelfruh  4.3% alpha  16 grammes  60 minutes
Target                      10.1% alpha  10 grammes   60 minutes
Hallertauer Mittelfruh  4.3% alpha  15 grammes  10 minutes

Fermentation
Yeast: Safbrew T-58
Fermented at 18 degrees C for 5 days.
Fermented at 21 degrees C for 9 days.  (Hever temperaturen for å prøve å få betre utgjæring.)
Lagered at 15 degrees C for 14 days.

Comments:
Humle: pellets.
 
Ja, eg brygga den med visse endringar. Maltskjemaet vart slik:
Pale Malt 7 EBC 950 grammes
Wheat Malt 950 grammes
Munich Malt 20 EBC 1900 grammes
Amber Malt 350 grammes
Crystal Malt 135 170 grammes
Dark Crystal 300 EBC 220 grammes
Coffee malt ? EBC 100 grammes (kjøpt frå Petit)
Pale chocolate malt 400 EBC 50 grammes
Chocolate malt 800 EBC 50 grammes
Black Malt 1200 EBC 90 grammes .

Julealen står no til lagring på 12. dagen. Har smakt eit par gongar og førebels konklusjon er:
- eg bomma stygt på mesketemperatur. Skulle ha 67, fekk 64 med tynn mesk ( :rasende: første allgrain-brygg). Satsa på at det skulle gå fint, men ølet er tynt og ubalansert. (Finn dog litt trøyst i at også årets juleøl frå enkelte bryggeri opplevast ubalansert.)
- kan godt kutte ut kaffimalt og kanskje også redusere til 50 gram svartmalt.
Kanskje også auke mengden krystall- og sjokolademalt, men dette er eg meir usikker på, jf lav mesketemperatur.

Eg hadde forventningar til denne, men vart skuffa - truleg mest pga lav mesketemperatur. Eg tenker nok at eg vil prøve denne neste år igjen, og då slik eg har føreslege ovanfor inkl. auke krystall og sjokolade.
 
Ok, ny oppdatering etter 3 vekers lagring: denne blir god (nok for meg) til jul. Sjølvsagt blir eg ikkje 100 % fornøgd sidan eg bomma på mesketemperaturen. Men bortsett frå det og at eg nok vil behalde kaffimalten, men redusere svartmalten til kanskje 30 gram (NB! 15 liters batch) samt kanskje 30 gram meir med sjokolademalt, så trur eg pr i dag at eg vil brygge denne igjen til neste jul. Slett ikkje verst for første generasjons allgrain-oppskrift av ein person som har brygga med ekstrakt i eit knapt år (synes eg sjølv...  :laugh:
 
Tilbake
Topp