He he he, godt at de morer dykk, karar :laugh: No har aldri eg trudd at ein skulle få eit heilt perfekt bryggesystem til 1/5 av prisen for ein Speidel og som kan samanliknast med Speidelen i eitt og alt, og det har kanskje heller ikkje dei andre. Men samanlikna med å kjøpe kokekjel, mekke meskesystem av isolert kar, kjøpe og sette saman delar til kjøler etc etc, så har BB vore veldig greitt for meg som har 6 tommeltottar og svært lita interesse for DIY. Har så langt ingen store problem med å måtte sirkulere vørteren manuelt for å sikre rimeleg stabil temperatur. Men det er klart, å kjøpe første generasjon er ikkje det smartaste dersom ein vil få alt ferdig utvikla. For mange er det viktig å brygge på ein måte som har vore vanleg i familien i generasjonar. Då er det kobberkjel og kok i grue med vedfyring som tel.