Som sagt - eg har eit kjøleskap der eg får plass til to 25 liters gjæringskar, det eine over det andre. Eg har ein STC-1000 og nokre varmekabler som varmekilde. Spørsmålet er: korleis skal eg rigge til oppsettet for å sikre best mulig temperaturkontroll? Skal brygge to Lervig Lucky Jack ølsett, den eine med WLP001 gjær og den andre med US-05. Det eg er redd for er at det blir temperaturforskjeller i dei to gjæringskara, ikkje minst fordi kjøleelementet er øverst i kjøleskapet og derfor vil være nærmare det eine gjæringskaret enn det andre.
Så.... er det nokon hobbyfysikarar der ute som har tankar om korleis eg best kan rigge dette til?
Så.... er det nokon hobbyfysikarar der ute som har tankar om korleis eg best kan rigge dette til?