FG=30, OG=53, 16 dagar i gjæringskap

Thomas Fraas

Norbrygg-medlem
Hei.

Etter 16 dagar på 21 grader i gjæringsskap så måler vi no FG på 30. FG skulle vært 12. Eg har brukt Wyeast 1028 london ale fersk gjær. Burde vi late være å legge på sukkerlake i kveld då vi i utgangskpunktet skulle tappe på flaske? Andre tips før vi drit meir på draget :)

// Thomas
 
Har jo selvfølgelig ikkje korrigert noko som helst sidan eg er rykande fersk bryggar, så takk for tipset. Fikk tak i ei oechslevekt og målte FG til 22, som no i etterkant viser seg å være ganske så likt den konverterte verdien av refraktometeret. Eg er no tryggare på at eg har rett FG.Men eg er ikkje trygg på om eg burde hatt i sukkerlake eller ikkje då eg ikkje heilt veit om gjæringa var ferdig.

Brygget skulle hatt ein OG på 43 men endte opp på 53 etter at vi vart litt for ivrige med skylling og rørte kanskje alt for mykje i mesken. Vi har brukt Wyeast 1028. Kan det være at denne gjæren ikkje klarar å ete meir sukker og at det er grunne til at vi landa på ein høg FG. Eller har vi rett og slett for ivrige til å komme i gang med flasking?

Burde eg latt være å ha i sukkerlake, og står eg no i fare for å få øl utover heile vedboden?

// Thomas
 
Etter så lang tid bør 1028 ha gjort seg ferdig, så sjangsen er god for at det går bra.
Noter bak øret at det er en god vane å måle over tre dager før man flasker :)

Edit: sleif
 
Steike bra Robert, takkar. Eg holdt på med ei lang tirade om kvifor det skulle være så mange kalkulatorar der ut som gav så mange forskjellige resultat. Då gjenstår berre eit spørsmål. Dersom eg puttar 1.053 og 7.8 inn i kalkulatoren til @glennrlie , kvifor får eg då eit forskjellig alkoholresultat frå brewersfriend?

// Thomas
 
Steike bra Robert, takkar. Eg holdt på med ei lang tirade om kvifor det skulle være så mange kalkulatorar der ut som gav så mange forskjellige resultat. Då gjenstår berre eit spørsmål. Dersom eg puttar 1.053 og 7.8 inn i kalkulatoren til @glennrlie , kvifor får eg då eit forskjellig alkoholresultat frå brewersfriend?

// Thomas

Fordi det finnes utallige formler, da dette er beregninger og ikke harde fakta. Jeg har to varianter (formler) på min side, og det finnes mange flere..


Sent from my iPhone using Tapatalk
 
Men, då må eg stille spørsmålet vidare. Kva er då den beste praksisen i forhold til OG, SG og FG målingar? Kan eg bruke desse refraktorkalkulatorane med godt samvit, eller bør eg bruke oechslevekt for å måle FG og refraktometer for å måle OG (så lenge refraktometeret og oechslevekta begge er kalibrert)?

// Thomas
 
De siste er vel anbefalt praksis, men slik jeg forstår det skal det være relativt trygt å regne om brix-målingen.
Fordelen med refraktometeret er at du slipper å kjøle ned prøven, og den trenger ikke være 200ml :p
 
Tilbake
Topp