Har satt øl! Hjelp vidare

Hei igjen folkens!

No har eg satt mine to første øl til gjæring. Ein Irish stout frå sett med nottingham gjær, som gjærar på ca. 20 grader og ein tsjekkisk pils med saflager s-23 gjær, som står i ca. 10 grader. Begge er sånne sett, som endeleg pluppar fint. Men har lagt merke til missfarging under lokket og litt over ølkanten på stouten. Kandetta vera teikn på infeksjon? Eg gløymde å desinfisera termometeret og hydrometeret (var nye).

Dersom øla blir bra, så er det store spørmålet, Kva gjer eg vidare? Har 2 corneliusfat eg skal bruka, co2 flaska, regulator og kjøleskap. Etter gjæringa er ferdig skal vel ølet over på fata for lagring? Og her bør eg bruka hevert for å fylla fata nedanfrå og opp (for å unngå noko)? Skal fata med øl då berre stå nokre veker kaldt? Og så koplar eg til co2, og set på trykk etter at dei er lagra lenge nok? Eller set eg co2 på under lagringa? Kor lenge lagring og kor mykje co2 trykk osv?

Har aldri gjort dette før, så eg set stor pris på all hjelp! Er spent som ein unge på julafto om eg får det til no:)
 
Komlo skrev:
Men har lagt merke til missfarging under lokket og litt over ølkanten på stouten. Kandetta vera teikn på infeksjon? Eg gløymde å desinfisera termometeret og hydrometeret (var nye).

Det er vel bare skummet som er danna av gjæren som fester seg til veggen i gjæringskaret. Ser udelikat ut, men er normalt... Går sikkert bra!
 
Flott! Det var ein stor lettelse! Har lova pappen stout til sommaren, og var redd eg måtte starta på ny:)

Nokon som kan hjelpa meg med lagringa?
 
Hehehe, er jo fare for det:) Men med 2-3? veker gjæring og ca.4? veker lagring er me jo komt til slutten av mai. Får satsa på eg greier å la det vera igjen ein sleik til far i midten av juni:)

Men nokon som veit korleis eg gjer det med lagringa?
 
Komlo skrev:
Hehehe, er jo fare for det:) Men med 2-3? veker gjæring og ca.4? veker lagring er me jo komt til slutten av mai. Får satsa på eg greier å la det vera igjen ein sleik til far i midten av juni:)

Men nokon som veit korleis eg gjer det med lagringa?

Har ikke brukt fat selv enda, men har bestillt. Jeg mener du kan bør trykksette fatet når det er ferdig gjæra etter 2 uker (for stouten). Hvor mye trykk det skal stå med er avhengig av hvor mye kullsyre du vil ha og hvilken temperatur det har når du lar det stå med CO2 trykk.

Tror det er en del info i en tråd om cornelius fat for nybegynnere... bare søk på forumet. Evt så har jeg sett noen bra how-to videoer på youtube.
 
Planen er å setta begge fata i kjøleskapet til lagring, så rundt 4 grader. Eller vert det for kaldt? Skal pilsen og ha co2 Under lagring?

Har lest i den tråden men fann ikkje svar på det eg leita etter. Så supert om nokon som har peiling kan hjelpa meg med dette...
 
Ja sett fatene under trykk med en gang. Pass også på å lufte ut all lufta. (fyll co2, slipp ut trykk gjennom ovetrykksventilen, gjenta et par ganger) ved 4 grader bør du vel ha et trykk på +-1 bar. Det er en tabell her på forumet et sted, hvor du finner x (trykk)* y (temperatur) = z (co2 innhold.) mulig den ligger i medlemsseksjonen.
 
Takk for hjelpa! Har aldri vert borti regulator før, så skal prøva å finna ut korleis eg gjer det, når eg får den tilbake...

Eg koplar altså berre på co2, set på 1 bar trykk, opnar ventilen og slepp ut litt luft nokre gongar? Skal dette gjerast med ei gong eg har satt trykk på, eller skal eg venta litt med å sleppa ut?
 
Tilbake
Topp