FrodeSy
Norbrygg-medlem
martinus skrev:Takk for tilbakemelding!
Du er nok litt lenger frem i bryggefaget enn jeg her, men det kan være en fin balanse og kjøre del-mesking denne gangen.
I utgangspunktet skulle dette bli mitt siste ekstraktbrygg før jeg går over til maltbrygging.
Sitter med 3 bokser ekstrakt nå. 2 - T.Coopers Amber, og en Brewferm Dark. Vil dette kunne egne seg å bruke tror du, kontra det du hadde/anbefalte i oppskriften?
Lurt å gå over til maltbrygging. Det er dog ikkje nødvendig å gå komplett all-grain. BIAB funkar kjempefint og stort sett einaste ulempen er litt for mykje kornrestar og litt lite kontroll på mesketemperaturen. Begge delar kan unngåast ved høvesvis fleire rundar med skylling og å tilpasse temperatur ved meskestart etter erfaring.
Eg har diverre ingen erfaring med desse ekstrakta. Den erfaringa eg har gjort med brygging på ekstrakt, er at ekstraktøl kan fungere fint dersom det er andre ting enn ekstrakten som skal stå i fokus. Den kanskje beste pale alen eg brygga var 95 % lys spraymalt og 2,5 % kvar av lys og medium krystall steepa i 30 minutt. Med masse smaks- og aromahumle var det det som fekk fokus. Andre ekstrakt-brygg eg var nøgd med var ein klone av Gonzo imperial porter frå Brew Your Own 250 classic clone recipes. Den var veldig langt fra originalen og stoppa på 1.026 som var altfor høgt. Anna var vel ikkje å vente sidan det var nesten 30 % spesialmalt.
Ulempen med dei ekstrakta du no har, er at det er rimeleg mørke ekstrakt og med såleis lav grad av utgjæring. Det eg ville gjort, men som kanskje ikkje du er enig i, var å bruke dei 2 amber-boksane og lage ein amerikansk amber med masse humle. Brewferm Dark har eg ikkje peiling på. Om det er den dark abbey så hadde eg truleg berre kasta den då det er altfor mykje godt øl som kan bryggast, og eg ville ha satsa på å gå over til allgrain. Men om du ikkje vil kaste den, så hadde eg nok prøvd å sette den som den er, kanskje med eit tillegg av eit par hundre gram sukker for å sikre bra utgjæring. I begge tilfella ville eg uansett ha kasta medfølgande gjær og kjøpt ei gjær som folk anbefalar. For amberen ville eg valt Safale US-05 som nok er den beste tørrgjæra på marknaden. Om du vil ha nøytralt preg, er denne glimrande. Eg bruker den framleis. For belgiske øl så fins det ingen gode alternativ til den flytande gjæra du får frå m.a. Wyeast og WhiteLabs.
Uansett kva du vel, så må du ha masse lykke til!