Korleis unngå alkoholsmak i høg-alkoholhaldige øl?

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Har 2 quadruplar (Belgian Dark Strong) på fat, begge er belemra med eit svært ubehageleg alkoholpreg, den eine sjølv etter 1 år på lagring. Dette har eg aldri opplevd med dei andre belgiarar eg har brygga. Eg hadde dette på min Barley wine tidlegare, men det er vekke no etter 1 år på fat. Eg er klar over at spørsmålet mitt er enkelt og at der fins fleire svar, men likevel. Før eg prøver meg på ein quadrupel igjen, vil eg utfordre dykk med erfaring på området kva som er å fokusere på for å unngå alkoholsmak i høg-alkoholhaldige øl.
 
Hvordan har gjæringen foregått?
Skal være gull å starte på temperaturer i nedre sjikt av hva som er anbefalt av produsent for så å la hovedgjæringen foregå på denne tempen. Så etterhvert øke på 1-2 grader mot slutten. Og bruk nok frisk og saftig gjær.
 
Brukte 1 vekers gamal gjærslurry på begge brygga, forsøkte berekne mengden etter MrMalty. N.d.g. gjæringa så forsøkte eg å starte på relativt lav temperatur:
* 1. brygg: starta på 20 grader i 5 dagar. Auka deretter med 1 grad pr dag opp til 22 grader der den stod i ca 3 veker.
* 2. brygg: starta på 17,5 grader i 3 dagar. Auka deretter med 1 grad pr dag opp til 24 grader der den stod i ca 2 veker.

Eg var redd for at eg tilførte for mykje O2 på starten, så halverte mengda på 2. brygg. Likevel fekk eg skarp alkoholsmak.

Men denne feilen har eg ikkje med dei 2 dubbelane eg har brygga, så det er muleg at eg rett og slett kjem til å redusere "target-alkohol" til under 9 % etter endt gjæring for på den måten eliminere dette. Anten det eller så droppar eg heile brygginga av denne typen og støtter munkane i staden for. Har nok av anna øl eg synes eg klarer brygge, så eg skal ikkje bli utørst.
 
Hvordan måler du temperaturen? Er det omgivelse eller i vørter.

Det er sikkert en del sukker i oppskriften. Du kunne forsøke å tilsette det etter en uke i steden.
 
Temperatursensor står på utsida av gjæringskaret, isolert med bobleplast.

Sukker er med i oppskriftene ja. Første gang tilsette eg sukkerlake eit par dagar ut i gjæringa, sist gang vart sukker tilsett under kok.
 
En liten isoporbit vil isolere bedre enn bobleplast, og er samtidig enklere å håndtere :)


Sent from my iPhone using Tapatalk
 
Tilbake
Topp