På kjelen brukar eg somregel berre varmt vatn og oppvaskkost. Av og til lut, og av og til let eg den stå med litt starsan. Alt etter kva som er tilgjengeleg.
I fjor haust kokte eg 60l bringebærsaft i bryggekjelen og då blei kjelen HEILT rein. Aldri vore så rein før, verken før eller etter. Seier litt om kor forferdeleg sure desse bæra er...
Fata mine har eg brukt å la stå med kaustisk soda ei stund (kansje eit døgn). Fyller dei heilt fulle og det har virka bra, men det er litt plundrete syns eg når ventilar og slikt må demonterast.
Så no har eg laga meg ei fatvaskemaskin som akkurat er testa. Med den kan eg koble på hageslange og spyle gjennom med varmt eller kaldt vatn først, og så fyller eg varmt vatn i og hiver i ein dose maskinoppvaskpulver, setter tempen på 65ºC og resirkulerar vaskevatnet med pumpe gjennom ventilar, stigerøyr og innvendig spyling i fatet. Bilder og beskrivelse kjem i annan tråd etterkvart.