Mild Christmas

Tarjei77

Norbrygg-medlem
Har ille lyst til å brygge meg ein mild. Har humle (fuggles og east kent) og basismalt, men usikker på samansetjinga av spesialmalten. Har krystall (120 ebc), brown malt, chocolate og black patent, men so var det prosentane, då. Nokre tips?
 
Den er behøyrig lesen, men lurer eigentleg på om eg kan lure det til med dei spesialmalta eg har frå før. Treng å rydde litt på gjesterommet.
 
bruk ca
15% crystal
5% brown malt
og ca 2% sjokolade
Fyll på med pale til OG 1030-35
Mesk varmt rund 68-70 i ca 60 min kommer an på hvilken gjær du vil bruke. sats på en fg på 1010-1012
Mild er snadder
 
Brygga du denne, Tarjei?

Er nemleg interressert i å høyre korleis brunmalt gjer seg i mild, for det har også eg lyst å prøve. Har boka "Brewing real british ale" av Graham Wheeler heime. Trur at brunmalt er nytta nokre mildoppskrifter der utan at eg kan huske det her eg ferierer.
 
Brygga oppskrifta, og ølet vart godt, meiner eg å hugse, men har nok ingen djupare innsiktar å dele. Du smakar lett brunmaltet.
 
Tilbake
Topp