• Bruk prefiks-funksjonen når du oppretter nye poster i dette forumet.

Ny nettbutikk med bryggjeutstyr: bryggmaker.no

katla

 
I den tida eg har halde på å kjøpa inn til mitt eige bryggeri har det tatt lang tid å få tak i alle delane - og alle kjøp er heller ikkje vellukka.  Til dømes så var 1/2" silikonslangen eg fekk frå ein svensk nettbutikk i tynnaste laget - "slaskete" er vel ordet på min dialekt som passar best.

Med bakgrunn i dette har eg derfor sett igang med å kjøpa inn varer for å starta nettbutikk  og vil i løpet av dei neste vekene starta med å selja utstyr til mine medbryggjarar og andre og eg skal halda lågare prisar enn andre nettbutikkar. 

Nokre eksempel:
36 liter rustfri kjele med lokk - funkar også på induksjon:  1100,-
1/2" silikonslange (13 mm indre diameter, 19 mm ytre diameter)    65,- pr m.
Det kjem silbotn laga spesielt til den rustfrie kjelen slik at den også kan brukast som meskekjele - denne vil truleg enda på 600-700 kr
Eg legg også opp til å gjera tilpassingar etter kjøpars ynskjer..

For meir informasjon - sjekk den førebels nettsida her:  www.BryggMaker.no
Og for ordens skuld: nettbutikken har base i Bergen og dei som bur i Bergensområdet kan då sleppa å betala porto/sendingsutgifter.

(vonaleg har eg ikkje trampa over grensene for reklame i Norbrygg no?  Isåfall orsakar eg for det)
 
March-pumper også? Heftig, har mangla på leverandører av slikt her til lands. Har du tanker om å tilby skovlhjul for oppgradering av pumpa også?
 
olavgn skrev:
March-pumper også? Heftig, har mangla på leverandører av slikt her til lands. Har du tanker om å tilby skovlhjul for oppgradering av pumpa også?

Med den innprisen eg har på March pumpene blir det neppe ein salgshit…    Skal sjekka det med oppgraderte impellarar..  Det hadde nå vel eigentleg vore greit å ha alternative leverandørar til March.    Skulle tru at fleire kunne laga pumpehusa sine i polysulfone plast.

Noko av det eg har sett i innkjøpsprosessen er at enkelte leverandørar har stålkontroll på marknaden.  Marchpumpene er eit døme på det - ein får ikkje kjøpa dei i USA til distributørpris - ein må handla dei lokalt i Europa hjå dei som March har gjeve retten til å distribuera og det betyr at gangetasten på kalkulatoren er flittig brukt.  Så March-pumpene er nå eigentleg berre for å ha eit komplett utvalg for den som MÅ ha delane i morgon…  For den som kan venta 2-3 veker så er framleis Ebay ein god stad.
 
Dette liker eg, blir spennende å se utvalget når butikken er i gang :) Veldig god pris på rustfri kjele!
 
protto skrev:
Håpar på lett tilgjengeleg bryggehardware på Vestlandet.  :ilike:

Utvalet vil ikkje vera så veldig stort den første tida - det tek tid å finna og få inn produkt til ein skapeleg pris.    Men eg satsar på at det skal vera nok til at ein kan  meska i kjele , skylla ut meskekjelen, koka i kjele og, kjøla vørteren - hjelpt av termometer, pumpe, slangar og hurtigkoplingar og diverse rørdelar. 
 
olavgn skrev:
March-pumper også? Heftig, har mangla på leverandører av slikt her til lands. Har du tanker om å tilby skovlhjul for oppgradering av pumpa også?

Eg tar inn nokre oppdaterte skovlhjul og.  Har dei vel på plass i starten av neste veke.
 
Stilig, har du en prisantydning på dette? Ikke sikkert jeg kommer til å kjøpe med det første, vil se hvordan pumpa funker uten først, men veldig greit å ha en norsk leverandør av slikt i tilfelle.
 
Kjempetiltak!  :)

Gleder meg til å se hvordan det går :)  Blir nok ny kjele på meg iløpet av året, men da større enn 36L.


Lykke til!
 
olavgn skrev:
Stilig, har du en prisantydning på dette? Ikke sikkert jeg kommer til å kjøpe med det første, vil se hvordan pumpa funker uten først, men veldig greit å ha en norsk leverandør av slikt i tilfelle.

Eg vil tru du må ut med ein stad mellom 250 og 300 kroner for impellaroppgraderinga - litt avhengig av korleis frakta vert.  March 809 pumpa di må også ha HS i typebetegnelsen - men det veit du vel kanskje…..

Eg har fått inn 809 pumper no - men eg kjem også til å ta inn 815 pumper (815 tilsvarar 809 med stor impellar)  om det skulle vera interesse for dette - det er jo ikkje akkurat rimelege pumper dette men dei er dei einaste som har polysulfone-plast og dermed er heilt OK for næringsmidlar. 
 
En gang i løpet av året så kommer jeg nok til å oppgradere til en større gryte (50-60L). Bruker elektriske elementer, så har ikke bruk for tykk bunn for induksjon, men vil gjerne unngå aluminium.  :)
 
Då var silbotnane komt inn - dei er laga spesifikt for denne kjelen.  Hola i silplata  er 1,5 mm.    På dette biletet er termometer-følaren  av ein lang type som egnar seg for å måla inne i mesken og ikkje berre i utkanten.  Under silplata er det slik ho no er montert eit rom på 2 liter.
 

Vedlegg

  • 800DSC_6667.jpg
    800DSC_6667.jpg
    136,2 KB · Sett: 941
Hei!! Har du noe pris på pumpene du tenker å ta inn??
Eri ferd med å lage et rims anlegg og trenger en pumpe til dette.
Størelser og kapasiteter er også greit om du kan oppgi??
 
Plecoo skrev:
Hei!! Har du noe pris på pumpene du tenker å ta inn??
Eri ferd med å lage et rims anlegg og trenger en pumpe til dette.
Størelser og kapasiteter er også greit om du kan oppgi??

Det blir 230V modeller av March 809 og March 815 i første omgang.      TIl March 809 får man også en større impeller som gjør at den såvidt jeg har forstått vil være lik 815. 

March 809 PL-HS/C:  http://www.marchpump.com/series-809-hs/
March 815 PL/C:  http://www.marchpump.com/series-815/

Pumpene er dyre i innkjøp.  De shippes med flyfrakt og jeg kjøper ikke så mange i slengen.    Priser på pumpene kjøpt som en enkelt del blir vel omlag 2100-2300 kr inkl mva og da kan du sikkert få den til samme pris på Ebay.  Jeg kommer imidlertid til å selge pumpene rimeligere  til de som kjøper et mer komplett anlegg av meg med kjeler, kraner, silbunn,  slanger og hurtigkoblinger - ei en slik pakke vil pumpene trolig komme på 1500-1700.     

Det er vanskelig å konkurrere med Ebay priser når varer skal fraktes fra USA og så skal man betale importkostnader og mva.  Pris på Ebay/amerikansk nivå vil du nok kanskje ikke finne hos meg - men jeg skal forsøke å ha deler inne slik at de som trenger det raskt kan få det uten å vente i ukesvis.    Og så tror jeg at kjele-konseptet mitt kansje kan gi en viss kokelager en utfordring - og kanskje også en del andre leverandører av kjeler. 
 
ser du har litt fancy greier i rustfritt, men det meste er 1/2".
Kjelen min har en 3/4" innnvendige gjenger, har du en enkel overgang i RF som kan benyttes mellom den og den tredelte fullportkrana du har?

Hvor langt unna er du til å få ting i salg?, var endel fristende greier der gitt :)
 
Tilbake
Topp