Overgang fra VVB til brygge-system ?

Du sier jo selv at det ikke er farlig, les hva jeg skrev. Det var i en spøkefull tone, noe som ikke alle skjønner.
 
Albech skrev:
Du sier jo selv at det ikke er farlig, les hva jeg skrev. Det var i en spøkefull tone, noe som ikke alle skjønner.

Sjølvsagt var det med spøkefull tone, poenget var på ingen måte å arrestere deg eller nokon andre. Eg burde vel ha slengt på eit smilefjes eller to for å unngå slik misforståelse. ;)

Men merk at eg hverken refererte deg eller andre:
protto skrev:
Men det blir feil å sei at sidan eg ikkje har daua av blyforgifting etter x-antall år med messingdeler i bryggeriet, så er det ikkje farleg. Det er neppe vitenskapeleg basert.

Eg påstår heller ikkje at det er ufarleg. Eg personleg trur ikkje ein messingkobling eller to gjer skade, men eg veit ikkje nok til å slå fast at det er ufarleg.
:biersmile:
 
Jeg synes egentlig selv at det er grunn god nok for å tillate messingkoblinger at de er brukt i vanninstalasjoner i generasjoner nå, både varmt og kaldtvann, med tilnærmet samme Ph verdier som øl... :)
Når det kan være alment godkjent, regner jeg med det er kontrollert av folk med innsikt og utstyr
og forhåpentligvis drikkes det fortsatt mere vann en hjemmebrygget øl  ;D
Når det er sagt... Jeg bruker kun rustfritt, fordi jeg liker fargen  ;D
 
Eg har kikka litt i Lovdata for å sjå om eg finn noko der om grenser for blyinnhald. 

Såvidt eg kan sjå er det "FOR 2004-06-01 nr 922: Forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter (produktforskriften)" som regulerar dette.  I høve til denne forskrifta er det greit med opptil 4% bly i kopparlegeringar (som vel messing er ein del av).  I California - der ein vanlegvis tek han godt ut når det gjeld miljøreglar - er det ei grense på 0.25% bly i slikt som kjem i kontakt med vatn i vassforsyninga.  Eg finn ikkje noko slik grenseverdi i norske/eu lover så vi har tilsynelatande meir avslappa forhold til dette enn californiarane.

Det fins også grenseverdiar for inntak  av bly i "FOR 2002-09-27 nr 1028: Forskrift om visse forurensende stoffer i næringsmidler" - der grensa er sett til 25 microgram pr. kg kroppsvekt i løpet av ei veka.  Her er det altså sikrast å vera utstyrt med ein god pondus - jo meir vekt å fordela blyet på - jo sikrare er det.

"FOR 1993-12-21 nr 1381: Forskrift om materialer og gjenstander i kontakt med næringsmidler (matkontaktforskriften)" har også nokre passusar om bly men på meg verkar det å vera fokusert på slikt som ein ksn oppbevara mat i (f.eks. keramikk).

(ps: eg er ikkje jurist så eg kan nok ha avgrensa kunnskap om dette og baserar meg heilt på gratisversjonen av lovdata (og det er jo eit paradoks at det fins ein betalversjon av noko som vi vel alt har betalt for gjennom vår skatteseddel…))

Mange her seier at "om det er tillatt brukt i vassforsyning" så må det vera velsigna og godkjent av myndighetane for å vera sikkert nok.    Det kan godt vera at dette er korrekt.  Men så kan det også vera at ein kanskje ikkje alltid skal stola på at alt er etter boka - det skuldast at det idag ikkje er jamnleg kontroll med alt som flyt inn over landegrensene - det er opp til dei som leverar noko å dokumentera at alt er som det skal.  Det betyr at om det fins nokon som vil tøya grenser så er det i utgangspunktet ingen i det offentlege som korkje ser det eller reagerar på det - med mindre det då har eit inntektspotensiale i form av avgifter eller at det er 100% innlysande at verksemda er langt uti gråsona.   

Det spørs om det ikkje er lurt å  rensa messing med hydrogenperoksid/eddik slik at overflateblyet iallefall er borte (slik f.eks. Blichmann gjer med Autosparge). 

På den andre sida - såpass mykje som hydrogenperoksid kostar på apoteket så er det like greit å satsa på rustfritt. 

Og det er ikkje så stor forskjell på messing og rustfritt i pris:  ta f.eks. maritim butikkane som har begge delar:  Eit 1/2" T-stykke kostar 44 kroner i messing og 54 kroner i rustfritt 316 stål.  Todelt kran kostar rettnok ein del meir i rustfritt enn i fornikla messing.  Og tredelt har eg ikkje sett i messing enno (men det fins kanskje det og).  Uansett så trur eg neppe at dette er det som veltar hushaldningsbudsjettet.  Ein halvliter på byen kostar fort 80-90 kroner (eg minnest 11,20 frå min ungdom og på Hulen her i Bergen fekk ein ein "langemann" (0,7 flaske) for 7.50)).   
 
katla skrev:

Har du link til noen butikker som leverer rustfritt nordover ?
Kanskje du ?
 
Jeg har handlet her.... Billig og bra.. :)
http://båtbua.no/index.php?option=com_virtuemart&page=shop.browse&category_id=26&Itemid=53
 
Tilbake
Topp