Portabel bryggestyring med PC og WEB

Hei,

er nokso fersk innan brygging og ha Grainfather som eg er godt nøgd med. Ha rett nok sakna å styra/overvaka den via web, og ha nytta Raspberry Pi for dette då varmeelement og pumpa er tilgjengeleg via utvendige kablar. Etter å ha fått IP-baserte kort for temp-måling og rele/SSR kan eg no kutta ut RPi, og er kun avhengig av PC med Apache/PHP. Programvaren består kun av to filer, eit web-skjema(JavaScript) som kallar PID-regulator(PHP). Vedlagte bilder syner IP-tempmodul frå KMTronics(4 DS1820 sensorar), og IP-rele(2-ch’s china-rele) der eitt rele er fjerna og kobla mot SSR, samt web-skjema som er tilpassa mobil. Regulatoren nyttar kun P og I, alle parametere kan endrast under køyring. D’en har eg kutta ut då dette er treg prosess og den lett bidreg med støy i reguleringen ved feil/manglande tempmåling.

Det sikkert er mange liknande system allereie, også her på forumet, men allikevel……

brygg_reg_3_red.jpg brygg_reg_2_red.jpg
 
Sist redigert:
Kult!
Jeg er ikke spesielt flink på slikt som dette, og generelt litt skeptisk til egne ferdigheter og forståelse. Er det jeg ser på bildet et slags "styresak" bortsett fra at det da ikke er i et skap? Betyr dette at du har fjernet hele GF Connect?
 
Eg har gamle typen styring (ikkje GF Connect), men den treng eg ikkje bruka. Flyttar ledningen for varmeelementet til SSR-kontakten og puttar temp-følaren inn i brønnen. Pumpa får 230V via rele'et. Under testing har eg surra temp-følaren fast innvendig på filteret eller på brønnen for å samanlikna med den originale. Har funne ut at plassering ved brønnen gir stabil temp under mesking.
 
Tilbake
Topp