Svak karbonering, har gjæren daua?

Etter ei veka på flasker med 5 g sukker pr liter i 24 graders varme er det ingen teikn til kolsyra. OG 1058 FG 1013 som forventa med Safale 04, tre veker til gjæring (litt lenge?) på 24 grader (litt varmt), sette spannet på terrassen 10 grader eit døgn før tapping, to dl kokt lake i omstikkingsspann. Eg ser ikkje noko eg har gjort så feil at det ikkje skal bli kolsyra i det heile. Var det ikkje for dette eminente forum så hadde eg avskrive brygget som eit hendeleg, men drikkande uhell. Brygget var ikkje heilt klårt heller då eg flaska, så det burde vera nok gjær. Flaskene var Sterkrensreine og skylte. Kan gjæren ha daua? Er det eit triks å strø nokre korn med tørrgjær oppi? Eller er det lurt å meiska litt startarvørter og fyra i gang litt av gjærkaka og dryppe oppi? Eller berre nyta brygget iskaldt etter beste evne?
 
En uke kan være for kort tid. Vent en uke eller to til. Og er flaskekorkene helt tette?
 
Det kommer seg nok med litt mer tid ;)

Skylte du ut sterkrensen? Det er et no-rinse desinfiseringsmiddel basert på fosforsyre. Det skal altså ikke å spyles ut, da utsetter du jo flaskene for eventuelle ureinheter på ny!
 
Får gi det eit par veker til, då. Brukte nokså frisk sterkrens, og vatnet har vore bra før, så har ikkje tru på nokon infeksjon av betydning. Korkane og tanga har vore bra før, og det var aldri så lite pffft då eg jekka prøveflaskene, så eg trur dei er tette. Det er første brygg med denne gjæren, før så har flaskene mine vore ferdig karbonerte etter ei veka. Tusen takk for gode råd! Hadde neppe bryggja malt rygg utan dette forumet!
 
Da jeg laga mitt første øl for et par måneder sida trodde jeg også gjæra var dau etter ei uke, stein dau! Nå derimot synes jeg den nesten har for mye kullsyre! Gi den 2 uker til og du vil bli overasket  :)
 
Tilbake
Topp