Tafelbier

Av og til er det greit å ha noko øl som ikkje har så mykje alkohol på lager. Eg las i "Experimental homebrewing" om Tafelbier, og fekk lyst å prøve å brygge det. Lite å finne det ølet her på forumet. Eg har ikkje smakt det, men lurar på om andre har erfaring med det. Kan det vere eit greit alternativ til Clausthaler?

Her er oppskrifta frå boka.

Schoolhouse Tafelbier

Til 20.8 liter, OG 1.025, 7.2 IBU, 1.7% ABV.

Malt
Pilsnermalt 1700 g
Caravienne 450 g
Aromatic 110 g

Mesk, 60 min, 68 celsius

Humle
Saaz 14 g, 60 min.
1 ts knust svart pepar, 5 min

Wyeast 1214 Belgian Ale.

Ta av fyrste 3.8 liter og kok inn til halvparten, tilsett med 5 min att av kok.
Karboner til 3 volumer.

Kva vil vere poenget med innkokinga av ein del av vørteren?

Nokon som har erfaring med gjæren? Tilfører den ein del aroma/smak?
 
Las om eit tafelbier på Rev Brew Labs der han nyttar ein slags forenkla turbid mash. Han tappar ein del vørter frå mesken etter 5 minutt, og varmar den opp til 83 grader for å behalde ein del komplekse sukker for å bidra til munnkjensle. Høyres dette fornuftig ut?
 
Tilbake
Topp