Ah, belgisk!
Har brygga ein lett modifisert versjon av quaden til Gustav Foseid ("Nummer Tolv" i Håndbok i Ølbrygging), som eg tok meg friheten til å døypa om til "Trappist Under Ice" - Ein Metallica-referanse der altså!
Eg brygger normalt allgrain, men tenkte, "skitt au" og brygga denne med ei kanne Weyermann Bavarian pilsner LME, samt eit par kg DME for å matche den originale mengden pilsnermalt (6,5 kg).
600 g Special B blei nytta som steeping grains (oppskrifta spesifiserte mørkt karamellmalt), og mengden kandissirup blei auka til 1 liter (1,35 kg). Auka også humlemengden (Hallertauer Mittelfrüh) til 100 g, for å kompensere for meir sirup.
Gjær: Solid startar av WLP500 (Chimay), sjølv om WLP530 (Westmalle) ville vore meir autentisk.
Denne begynner å bli meget lovande, sjølv etter bare 5 månadars lagring..