Underleg suksess

Her om dagen innsåg eg at eg hadde ein slant Crystal liggande. Slett ikkje store mengder. Då eg sjekka, fann eg ein best før dato tidleg 2009. Sidan eg tykte det var for gale å la maltet gå i syddrene, laga eg eit 50/50 gamal Crystal-/Palemalt. Eg hadde noko Target i byrjinga av koket, men brydde meg ikkje om smak og aroma.
No sit eg her med eit mørkt øl, med ein bastant lakris/knekk smak. God bitterheit, men her er det maltet som dominerer. Ei fantastisk positiv overrasking, sidan eg eigentleg ikkje venta meg noko godt i det heile.

G
 
Tilbake
Topp