Har den billigaste til eltema. Har hatt den i ca ein månad. Den fungerer fint til sitt bruk, men har nokre ulemper. I instruksjonsvideoane på eltema viser dei at rullen blir oppbevart i eit eige kammer, og at det er ein kniv som kuttar rullen til ønska lengde. Dette finns ikkje på den billigaste modellen, så du må oppbevare rullen ein annan plass, og kutte med saks (e.l.).
Den største ulempa er at det berre er to knappar. Vakuum + forsegling, og forsegling. Nokon gongar opplever eg at ikkje all luft blir sugd ut, og det hadde då vore fint å skrudd på pumpa ein gang til før forsegling, etter å ha flytta litt på lufta inne i posen. Dette er ikkje mulig, ettersom den forsegler når den ikkje klarar å suge ut meir luft.
Eit generelt tips til bruk av vakumpakkar er å lage doble forseglingar. Forsegle, ta den ut 0,5-1 cm, og forsegl igjen. Dette gjelder begge ender av posen. Då er du ekstra sikker
Men dersom pris er eit tema, vil eg absolutt anbefale den billigaste på eltema! Så lenge du er klar over begrensingane. Dersom eg skulle kjøpt på nytt i dag, ville eg nok gått for ein
Food saver, som eg har hørt veldig mykje bra om.