Supplement til Bård sitt innlegg: BB30 er å rekne som ein BIAB (brew in a bag). Erfaringar herifrå tilseier høgare utbytte om du nyttar meir vatn enn dei normalt anbefalte 2,5 literane pr kg malt. (Likevel fins det også her unntak.) Eg har ikkje eksperimentert med dette, men ved å nytte meir vatn har eg fått eit utbytte på 77 % med både ein bitter (og 1.039) og porter (og 1.070). Det må likevel seiast at eg på min siste APA fekk berre 71 % utbytte med og 1.055.
Etter fire brygg med BB30 har eg erfart at du kokar vekk kanskje opp mot 10 % av vassmengden i løpet av 60 minutt. I tillegg forsvinn ein del til trub i BB30 og i meskekar. Kor mykje avhenger av t.d. kor fint malten er malt og kor mykje humle du brukar (bruk pose for blomst). Det forsvinn truleg 3 -4 liter til trub. Du vil truleg lære svært mykje for kvar gong du bryggar, slik at dette opplegget vil vere under kontinuerleg endring. Det gjer det framleis med meg.
Du kan redusere den mengden trub du kan få med over til gjæringskaret ved å la nedkjølt vørter stå og godgjere seg ei god stund etter koking, t.d. 1 time. Men det er viktig at vørteren er nedkjølt til i alle fall under 30 grader, helst ned mot den temperaturen du tenker å starte gjæringa på. Elles kan du redusere mengden som koker vekk ved å nytte ein effektregulator som du finn i innlegget "erfaringer med BeerBrew 30" slik at du kan styre kor mykje vørteren skal koke. Dette vil vere med på å redusere vassmengda du treng.
Lykke til!