Akkurat det med montering av instrumentpanelet er ganske korka på speidelen. Det er vel såvidt eg har sett ennå meir idiotisk på den nye speidelmodellen der fronten i tillegg buar framover. Eg har gjort det slik (på min gamle modell) at dei to fremste beina står ytst på kanten på den krakken den står på - då kan eg bøya så mykje eg vil - og så har eg ein kloss eg legg under den bakerste foten når eg vil skvisa ut det siste.
Så er det vel også dei her på forumet som har løsna instrumentpanelet på speidelen og montert det i betre høgde . Eg har venta med det i tilfelle sin skulle få kjøpa seg nytt kontrollpanel som eg vel fekk inntrykk av skulle koma for eit år sidan eller så - men no trur eg kanskje det berre var ein marknadsføringsbløff for å blidgjera dei som akkurat hadde kjøpt den gamle modellen. (På den andre sida - skulle det koma oppgradering i salg så er det også greit at barnesjukdommane som vi har lest om her og der er korrigert først.)