Brukte denne i ein farmhouse med rips og solbær i Juli i fjor. Var ute etter ein standard saisongjær, og fann denne på Maltbazaren. Ante ikkje kva det var ved det tidspunktet, og då det ikkje ville slutte å boble i gjærlåsen, måtte eg google litt. Skal være ein blend med ein saisongjær og brett brux, og ryktene går om at det er ein blend frå The Lost Abbey.
Endte med at eg helte halvparten over på meir friske rips og tilsatte Brett Brux. Lot begge spanna stå, flaska dei i går.
Det er meir funk i den reine 670, enn den med Brett tilsatt, noko eg finn litt merkeleg.
Smaksprofilen er litt vanskeleg å setje fingeren på (eller tunga) pga all bæra, men eg gledar meg til flaskene er ferdig karbonert.
For å svare på spørsmålet, eg kan godt anbefale den, den verkar solid nok, men erfaring (mest googling) tilseier at den treng litt tid i gjæringsspannet.