Eg bryggar vanlegvis om lag 50 liter batchar og har hatt eitt corneliusfat på 19 liter, og har flaska resten. Dette er eit himlande arbeid! Eg har difor gått til innkjøp av eitt 19 liters og eitt 9 liters corneliusfat til. Men eg har berre ei co2flaske med ein regulator og eitt uttak. Kva gjer eg når eg skal karbonere 3 fat samtidig? Eg har med eitt fat kobla til co2flaska og karbonert ølet i om lag ei veke med stor suksess. Skal eg køyre naturleg karbonering på dei 2 andre fata eller kan eg skifte frå eine fatet til det andre og etterfylle trykket?