Dimmer / regulator til varmeelement

tor

 
Hei!

Skal lage en kokekjele av en varmtvannsbereder. Tenkte å sette dette elementet i. http://www.ebay.com/itm/Camco-02522...455?pt=LH_DefaultDomain_0&hash=item51b7c4519f

Kunne tenkt meg å montere en regulator på, men er usikker på hva som er tingen å gå for. Har funnet disse
http://www.ebay.com/itm/140553987088?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1497.l2649

http://www.ebay.com/itm/Solid-State...119?pt=LH_DefaultDomain_0&hash=item4d0c9e0be7

http://www.ebay.com/itm/New-4000W-A...d=100033&prg=10181&rk=3&rkt=4&sd=140553987088

Noen som har erfaring med liknende prosjekt? Forslag mottas med takk!
 
Sist redigert:
Kyoto regulatorer fungere i hvertfall glimrende så lenge modulen får litt kjøling. Fine å bygge inn i en metallboks og sette rattet på forsiden. Jeg vil anbefale slike.
Vanlige SSR moduler er kun en bryter for å slå av og på, de gir ingen effektregulering.
Den nederste du lenker til fungerer også, og fungerer forsåvidt greit. Du slipper å bygge de inn, men de er helt ubeskyttet mot funktghet. Det er også ekte kinakvalitet:)
 
Skrev ikke Protto noe om mulig støy på nettet ved bruk av Kyotto med variabel pådrag?
Har noen slike liggende som var arkivert under feilkjøp, kanskje de kan friskmeldes nå?
Mener det er flere andre tråder hvor dette med regulering av element er diskutert.
Kanskje vil noen som husker bedre enn meg komme opp med relevante linker.
 
Skrev ikke Protto noe om mulig støy på nettet ved bruk av Kyotto med variabel pådrag?
Har noen slike liggende som var arkivert under feilkjøp, kanskje de kan friskmeldes nå?
Mener det er flere andre tråder hvor dette med regulering av element er diskutert.
Kanskje vil noen som husker bedre enn meg komme opp med relevante linker.

Jo, det stemmer. Sjekk .pdf-en til Kyottoen på nettsida deira. Det bør monterast/er krav til minimum ein kondensator mellom dei to klemmene på effektsida. Denne må vere av ein spesiell type (X2 for eksempel), og ein viss størrelse. Sjekk datablad.

Ein får mindre støy av å bruke eit vanleg SSR som blir pulsa av og på med variabel pulsbredde for effektregulering, men det er meir komplisert for ein må ha ein liten PWM-krets for å styre dei.

Det enklaste er kansje å gå for ei ferdig pakke med potmeter og dimmar, som Kyotto KR2040AX (40A Dimmer).

Berre for å ha sagt det:
Eg har testa desse på ein ny kokekjele. Brukte tre stk, ein på kvart varmeelement. Elementa er på 3Kw, så 40A skulle vere plenty. Dei tre effektdimmarane vart montert på ei solid kjøleribbe i aluminium.

Dei tre potmetera kobla eg mekanisk saman slik at eg kunne regulere alle tre med ein knott på utsida av skapet.
Mine dimmarar fungerte ikkje skikkeleg, dei originale potmetera brant opp. Det gnistra og spraka. No hadde eg riktig nok lettare modifisert dei, men det hadde ingenting med saken å gjere. Prøvde med eit nytt sett umodifisert potmeter som også brant opp.
Kobla til ein tretrinns brytar med faste motstandar og det virka, på eit vis... Det viser seg at det er stor variasjon på kva motstand som skal til for å få X effekt ut, slik at på mitt trefase-system blir det veldig vanskeleg å synkronisere effekten på dei tre elementa.

På eit enkelt element vil det nok gå bedre, og det er mange som brukar dei til det. Men det forutst at ikkje potmeteret brenn opp.

-Og ein ting til: Desse effektdimmarane har ikkje galvanisk skille slik at det er linjespenning på ledningane til potmeteret. Det er verd å huske på når ein skal koble det opp med tanke på kabeltype, jording, berøringsbeskyttelse osv.
 
Trur ikkje eg skal spørje meir om slik regulering.
På ei stund.

For ein som ikkje er særleg glad i straum og tilhøyrande dippeduttar er det av større
interesse korleis butilhøva for ferdafolk er på Vangsnes og om Protto kan tenkja seg å skipa til
kurs i oppkopling av vv bryggjeri :)
 
Hehe, jau det er mogelegheitar her. Berre å stikke forbi for lynkurs i bryggelektro. Har så vidt vore elektronikklærar for mange år sidan, men dei pedagogiske evnene er kansje litt rustne ;)
 
Eg har heller ikkje så god greie på elektronikk, men mange ting kan gå med ei god arbeidsteikning. Bestiller nok en slik regulator, så får eg sjå om om den blir montert. Prisen er jo ikkje avskrekkendes uansett:)
 
http://www.aliexpress.com/item/Supe...odule-Free-Shipping-Wholesale/2023351128.html

http://www.aliexpress.com/item/New-...Controller-Dimming-Thermostat/2006692302.html

Kan du bruke noe slikt? Har kjøpt en av de med kapsling til ett annet prosjekt hvor jeg forsøker å bygge utstyr for dampdestillasjon av aromaer (parfyme til dattera og humlearoma til meg selv?) Men har ikke fått testet den enda. Skulle teste det i sommerferien, men inn/ ut var merket på kinesisk, så jeg turte ikke å gamble.
 
Tilbake
Topp