Bjarte H skrev:Og snart bryggmaker.no :biersmile:
Jeg har brukt min drinktanks øltermos en del ganger nå, og ølet holder seg helt fint karbonert over de timene (eller minuttene) vi har brukt på å tømme den. Så dette lokket er kjekt å ha når man skal drikke opp innholdet over noen dager, men til en kveld er det ikke nødvendig, iallefall ikke for meg
Drinktanks growlere m/utan kegkits er ikkje noko problem her på berget, men patroner er litt hovudverk akkurat no. Å få lov til å kjøpa noko frå nasjonale eller europeiske distributørar er ikkje berre berre - ein skal målast og vegast for om ein er seriøs nok eller om nokon andre forhandlarar kan bli sure. Og det er jo ikkje heldig om noko vil selga med lågare pris enn dei andre - då kan ein jo øydeleggja image for produktet. Mange gonger får ein jo prisen ein skal bruka med på kjøpet - forkledt som salgspris til deg før rabatten du får.. Og er man så uheldig å driva nettbutikk i same by som det fins andre - så seier mange nei sidan dei vil styra korleis produkta deira flyt fram til kundane - dei har eksklusivitetsavtalar. Løysinga er då at ein må ut på gråmarknaden utanfor landet og kanskje utanfor kontinentet vi bur på.
Dei kaller visstnok dette eit fritt økonomisk system. Eg slit litt med å sjå fridomen her - det er iallefall mykje som sperrer for konkurranse. Men dei bryt gjerne med prinsippa for EIN ting: nok pengar på bordet. Men dette var ei avsporing av temaet fiffig øl-termos....