Forslag til DIY dip tube løsning?

Heisann.

Skulle hatt ett par dip tube løsninger til hlt og kokekjele med påmontert 1/2" mpt fra Weldlessfittings

Hva slags løsninger har dere som har mekket dette selv?

Jeg ser at bla. Bryggmaker selger ferdige løsninger, men synes det blir dyrt når man nærmer seg 700kr for 2 stk inkl, frakt, og tenker at dette må da kunne fikses på en rimeligere måte :)

Kunne det funket med denne og en bøyd rørbit?


Setter stor pris på forslag, bilder, linker og annen info :)
 
Eg brukar berre ein 90º albue med NPT-gjenger og ein slangenippel slik:
http://norbrygg.no/forum/index.php?action=dlattach;topic=3308.0;attach=1723
 
Georg J. skrev:
Heisann.

Skulle hatt ett par dip tube løsninger til hlt og kokekjele med påmontert 1/2" mpt fra Weldlessfittings

Jeg ser at bla. Bryggmaker selger ferdige løsninger, men synes det blir dyrt når man nærmer seg 700kr for 2 stk inkl, frakt, og tenker at dette må da kunne fikses på en rimeligere måte :)

Kunne det funket med denne og en bøyd rørbit?

Til bruk i kokekjele eller HLT fungerer det greit med eit vanleg bend.  Eg plar bruka eit vanleg 90 grader bend (utan slangenippel) i slike kokekar.    Brukar ein berre eit vanleg bend slepp ein å montera kranen altfor høgt oppe.  Brukar ein slangenippel i tillegg må ein - om ein skal kunna demontera det ein har på innsida - kunne snu det rundt og dermed må det monterast høgare - men om ein er tilfreds med å måtta demontera krane og gjennomføring på utsida først - kan ein montera det lågare (og la slangenippel vera montert på skrått). 

I ein meskekjele der ein skal ha  silbotn under kranen (for å få lite rom under silbotnen) må ein dessverre ha ei løysing som gjer at ein kan montera/demontera pickup tuben og då er det eigentleg berre 3 løysingar: 

1)  ein slik pickuptube med ei laus skrue som gjer at ein kan skru den fast etter at den er sett på plass (utan at tuben må snurra rundt)

2)  slik som  Blichmann har gjort: laga eit større hol i silbotnen og så bruka ei plate for å skjula dette.  Blichmann bruker ei skive rundt pickuptube røyret som vert lagt ned på silplata når pickuptuben er på plass.    Det er også greit at det er såpass tett rundt tilkoblinga til pickuptuben slik at ein ikkje tek inn luft (når ein skal ha ut siste rest frå kjelen).   

3) ei løysing slik weldlessfittings har.  Der er det brukt Swagelock kobling - dette er ikkje så elegant å montera/demontera som Blichmann si løysing og den som kjem frå Bergen - det skuldast at koblings først må skruast på plass i kjelen - så må ein montera røret og skru det på plass.

Det er mogleg ein kunne ha nytta eit bøyd rør med f.eks. ein slangebit rundt der ein kan stikka heile stasen inn i gjennomføringa og om ein finn rett dimensjon for begge kan det kanskje fungera greit.  Det er vel omtrent det som er prinsippet som Blichmann nyttar og eg  tippar at det fungerar sidan det vert ført både langt inn og særs god passform. 

Men det er no sikrast å skru slikt fast i tilfelle ein er uvøren når ein rører i mesken. 

Ein annan sak med DIP tube som kanskje gjer at dei ikkje er så greie å bruka i kokekar er det at dei har lågare tverrsnitt slik at dei vil strupa væskeflyten om ein skal kjøra whirlpool.    Brukar ein vanleg halvtoms bend vil ein få 1/2" heile vegen og då går whirlpoolinga betre.  Og tek ein utgangspunkt i at 1/2" = 12,5 mm så vil reduksjon til 10 mm indre tverrsnitt føra til at ein berre får 64% igjennom i høve til full port (12,5).  og er ein nedi 8 mm så er ein nede i 41%.    Då må trykket (eller suget) aukast for å kompensera - men dette kan sikkert mange her på forumet meir om enn meg.
 
katla skrev:
Det er mogleg ein kunne ha nytta eit bøyd rør med f.eks. ein slangebit rundt der ein kan stikka heile stasen inn i gjennomføringa og om ein finn rett dimensjon for begge kan det kanskje fungera greit.  Det er vel omtrent det som er prinsippet som Blichmann nyttar og eg  tippar at det fungerar sidan det vert ført både langt inn og særs god passform. 

Jeg bruker dette prinsippet i min HLT. Det fungerer utmerket der, men jeg ville nok valgt en annen løsning i meske- og kokekar.
 
Vet ikke om det er jeg som ikke har kompetansen, men jeg kommer til forumets fremside når jeg følger denne linken. Noen som har tips om hvordan jeg skal finne igjen denne tråden? Eventuellt, noen som har et bilde eller beskrivelse av denne løsningen?
Trur uansett bilda i den tråden er tapt i ein eller annan forumkrash.
Men det er slik som glennrlie skisserar over.
Albuen er skrudd i gjennomføringa i kjeleveggen som har male-gjenger på innsida. Slangestussen er skrudd i albuen. Stussen rekk heilt ned i kjelebotnen ute ved kanten.
 
Tilbake
Topp