Startar denne tråden som ein motpol til alle skinnande blanke bryggeri med styreskap, kranar og røyr i øst og vest. No offense! Ein nybegynnar treng kanskje å sjå at godt øl kan bryggast med enkle midlar. Bryggeriet vert gradvis bygd ut etterkvart.
På bildene:
Halvferdig grue til vedfyring, skal støype ein ring i toppen til å sette kjelen på.
Utvendig botn av meiskekaret. Meiskekaret er laga av øvre del av ein 200liters varmtvannstank, her er det allerede hol til utløp.
Silbotn er laga av øvre del av ein 150liters varmtvannstank, bora masse 2,5mm hol. Holet i toppen vert sveisa tett.
Frå venstre; kokekjel, meiskekar og HLT. Varmekolben i den eine varmtvannstanken fungerte faktisk når eg fekk den. Under HLT og meiskekar har eg plassert ei finerplate og isolert med byggskum.
Bryggeriet oppsatt til første brygg etter gravitasjonsprinsippet. Temperatur i HLT er styrt av ein kinatermostat frå ebay. HLT er isolert med ein sovepose frå 1970.
Meir bilder kjem når eg bygger vidare, men først må eg brygga hefeweisser så eg har tørstedrikk i sommar...

Vedlegg
Sist redigert: