Garasjebryggeri under bygging

Startar denne tråden som ein motpol til alle skinnande blanke bryggeri med styreskap, kranar og røyr i øst og vest. No offense! Ein nybegynnar treng kanskje å sjå at godt øl kan bryggast med enkle midlar. Bryggeriet vert gradvis bygd ut etterkvart.

På bildene:
Halvferdig grue til vedfyring, skal støype ein ring i toppen til å sette kjelen på.

Utvendig botn av meiskekaret. Meiskekaret er laga av øvre del av ein 200liters varmtvannstank, her er det allerede hol til utløp.

Silbotn er laga av øvre del av ein 150liters varmtvannstank, bora masse 2,5mm hol. Holet i toppen vert sveisa tett.

Frå venstre; kokekjel, meiskekar og HLT. Varmekolben i den eine varmtvannstanken fungerte faktisk når eg fekk den. Under HLT og meiskekar har eg plassert ei finerplate og isolert med byggskum.

Bryggeriet oppsatt til første brygg etter gravitasjonsprinsippet. Temperatur i HLT er styrt av ein kinatermostat frå ebay. HLT er isolert med ein sovepose frå 1970.

Meir bilder kjem når eg bygger vidare, men først må eg brygga hefeweisser så eg har tørstedrikk i sommar...
 

Vedlegg

  • grue.JPG
    grue.JPG
    460 KB · Sett: 1.070
  • botn meskekar 2.JPG
    botn meskekar 2.JPG
    743,3 KB · Sett: 1.064
  • silbotn.JPG
    silbotn.JPG
    541 KB · Sett: 1.059
  • bryggeri 1.JPG
    bryggeri 1.JPG
    517,1 KB · Sett: 1.074
  • bryggeri 2.JPG
    bryggeri 2.JPG
    387,6 KB · Sett: 1.045
Sist redigert:
Motpol? Langt i fra! Ikke fornerm oss med plastdunkene med å kalle stålbryggeriet ditt enkelt. Ville gjerne hatt sånn lekkert bryggeri jeg! :)
 
Eg beklagar om eg har trakka plastdunkbryggarane på tærne. Poenget er at det ikkje nødvendigvis må kosta skjorta og få i stand eit ok bryggeri. Etter to brygg kostar ølet mitt 32 kroner literen, inklusiv alt utstyr frå labbdunkar til vinkelsliparskiver (blei brukt nokon skiver...) To brygg til og eg er under 20 kroner.
 
Gamle VVB er ein kjemperesurs. Held på å bygge eg og. Er ikkje mange "moderne" bryggarar som fyrer med ved, men det er effektivt. Det er mange kilovatt i eit fang med ved.

Eg held forresten til nett øve fjedle :)
 
Blei testa første gang i høst med oppsette på bildet. Andre gang for 14 dagar sidan, oppgradert med pumpe og HERMS. HERMS spiralen låg då i HLT, ikkje heilt gunstig men det fungerte på eit vis. Satsar på eit brygg til før rundt påsketider.

Vedfyring er flott det. Men det tar lang tid, er mykje betong som stjeler varme den første timen. Artig at det dukkar opp heimebryggarar overalt!
 
Du kan jo prøva å fyra med eingongs paller, dei brenner som bare f...    Eg kjører med stålpanne og krabbekoker
og mesker/gjærer i plast bøtter. Bruker berre 10 min å rigge opp på bord i garagen.
 
Her planar om å gå over til gass, eventuelt elektrisk etter kvart. Målet er å få eit bryggeri som er lett å dra fram, sveive i gang og brygge på ein ettermiddag.
 
Artig oppsett du har der Helge, ynskjer sjølv å laga noko liknande.
Tykkjer speidel si løysing er bra, spesielt likar eg meskeprosessen der ein har malten i ei "tønne" som ein kan heise ut. Men eg er jo samd med deg om at HERMS er jo betre enn RIMS, så vi er i gang med å lage oss ein etter modell frå Bergfast (takk for flotte heimesider til inspirasjon).

Forstår eg deg rett har du den minste vv tanken inni den største, og med hol i botn får du sila mesken effektivt? Fungerer det som tenkt eller har du tankar om moglege forbetringar?

Det optimale hadde vore eit oppsett der det var like enkelt å brygge 10 eller 60 liter øl! Nokon som har fått til dette?
 
Har ikkje vv tank inne kvarandre. Har ein som HLT (varme vatn til meisking), ein til meiskekar med sil og kran i botn, og ein til å koke i. Det eg har skrevet om bildene ser litt rotete ut no etter forumet vart forandra.

Oppsettet fungerte heilt fint, men det blei litt mykje øl... ( ??? ) Har kjøpt meg ein 36liters kjele og bryggar inne på komfyren no. Får dermed brygga oftare, får meir erfaring og fleire typar øl.
 
Tilbake
Topp