Hei, det finnes ei facebookgruppe dedikert spørsmåla dine. Kornøl og kveik. Eg er med å brygger råøl med Hornindalskveik, bryggeren har over 20 års erfaring - han mesker på 73 og pitcher på 30, da går det nokre grader opp. Har høyrt om dei som gjærar på 40 grader, men har ikkje kjennskap til det. Eller, det vil sei, eg prøvde meg i sommar og pitsja gjæren på litt for høg temperatur. Da gjekk tempen opp til 38. Ølet vart godt, men litt vel syrleg. Ølet held temperaturen så lenge det går. Isolering er helst ei utfordring for oss som gjærer utandørs vinterstid. Etter 48-ish timar kan du invitere naboane på smaking!