Den har vel innebyggd sensor skulle ein tru? Liknar den eg brukar for trykkontroll på gjæringstanken min (Keyence AP-33 brukar eg)
Ved volummåling med trykksensor bør ein lese seg opp på "bubler method". Sensoren koblast til målerøyret fra toppen, eller i botnen, av tanken. Ein koblar på luft/gass på slangen mellom sensoren og målepunktet og set på lav flow på lufta/gassen slik at det boblar sakte på målepunktet. Dette gjer ein for å eliminere feilavlesing pga ørsmå lekkasjar, teperaturforskjellar i slangen, og for å holde sensoren tørr.
MPX-serien fra Motorola/Freescale toler ikkje å få veske inn nokon av portane, og skal ha inert gass eller vanleg luft.
På grunn av boblinga på målepunktet må ein bygge inn filterering i systemet fordi trykket svingar ganske mykje i det bobla slepp seg ut. Dette kan vere ein kombinasjon av analog og digital filtrering. Dette gjeld sjølvsagt kun om ein lagar eigen løysning med microkontroller/microkomputer ala arduino o.l.
Brewtrolleren brukar også "bubler method" med små luftpumper, og etter det eg har lest hadde utviklaren nokk å stri med på grunn av nevnte filtreringsproblematikk.
Det er ein annan mogelegheit, og det er å bruke sensorar som toler vatn og temperaturen i ein koke/meskekjele. Desse kostar gjerne litt, om ein i det heile får tak i ein med så lågt trykkområde som ~1m H2O
Det finns fleire komersielle nivåmålarar basert på trykksensor, RKC LM-100 er eit eksempel. Den har kalibreringspunkt for tankar med ulinær form, og Sg-kompansering.