AudunWS skrev:
Styrer PID effekten på elementet også eller slår den bare av og på?
Begge deler eigentleg.
Den slår på og av elementet prosentvis variabelt i ein kontrollperiode.
Kontroll perioden er justerbar og typisk 0,5-4 sek på ein PID med SSR. PID'en reknar ut kor mange % effekt (av max) den treng til ei kvar tid, dette gjer den ein gang pr. kontrollperiode.
Feks er periodetida 2 sek, og den treng 20% effekt for øyeblikket. Då slår den på elementet i 20% av 2 sek som er 400ms, og så slår den av i 1,6s. Dette gjentek seg evig (med ny utrekning av effektbehov kvart 2. sek.)
Over tid er dette ein effektregulering, og termisk masse saman med kort periodetid gjer at effekten blir jevn og ikkje pulsande.
Brukar ein eit mekanisk rele på utgangen til PID'en er ein tvungen til å sette opp periodetida for at releet ikkje skal slite seg ut med ein gang, typisk 20 sek. Her blir det og effektregulering over tid, men ein kan risikere meir pulsing i temperaturen sjølvsagt, avhengig av termisk masse i elementet.
Opplegget kallast eigentleg PWM-Pulse Width Modulation (pulsbreddemodulasjon) og er veldig vanleg metode for effektregulering. På feks. batteridrillar er dette brukt men med mykje lågare periodetid/høgare frekvens. Typisk minimum 1khz og gjerne mykje meir (periodetid 0,001 sek. og mindre). På mange batteridrillar er denne frekvensen høyrbar som ein svak piping når ein trykker triggeren litt inn og drillen går på lågt turtall.
På varmeelementa våre er ikkje det praktisk med høg svitsjefrekvens då dei går på vekselspenning med 50Hz (20ms periodetid). For å sikre at ein har eit vist antall heile periodar ved minimumspådrag av 50Hz nettspenninga må periodetida på PWM'en opp.
Feks: Periodetida er 1 sek, %-vis pådrag er 10. PID'en slår då på elementet i 100ms og av 900ms. I på-perioden vil ein då kun sende maks 5 heile sinusperiodar av nettspenninga.
SSR'ens natur er slik at den kan kun slå av og på når sinusen til nettspenninga passerar null. Så viss ikkje påslaget stemmet 100% med sinuskurva risikerar ein at dei teoretiske 5 periodane blir redusert til 4 eller 4 og ein halv.
Ein vil helst unngå alt for mange halve periodar, då dette kan indusere ein liten likespenningskomponent på straumettet som igjen kan skape krøll med andre tilkobla apparat i huset.
Så, ei viss periodetid må ein ha, men ikkje alt for lang, då vil varmen bli pulserande.