Først og framst: eg tolkar deg slik at du tenkjer på 2 opne kjelar du skal pumpa mellom. Altså ikkje tradisjonell RIMS eller HERMS-system.
Mesking er mest effektiv ved ei viss mengde væske / kg malt. Om du aukar væskemengda så vil enzyma ikkje vera så effektive og du må auka mesketida for å få same resultatet .
Som sagt så vil du ha lite kontroll over nivået på væske i kjelen du har varmen i då du ikkje har perfekt kontroll over gjennomstrøyminga i kjelen du har maltet. Om det er lite væske i sirkulasjon så vil du altså risikera at pumpa di pumpar tom kjelen der du har varme. Mesken kan gå tett eller få dårleg sirkulasjon og det kan bety væskesamling oppå mesken og dermed lite retur til varmekjelen. Men om du følgjer med heile tida så går det kanskje greit.
Når du sirkulerar i ein enkelt kjele vil du ikkje få same problematikken sidan alt skjer i same kjelen.
Ein ting du også skal tenkja på er at du i eit 2-kjelers system med 1 pumpe slik du forestiller deg - så må kjelane stå på forskjellig nivå: du må ha meskekjelen høgare enn varmekjelen og pumpa frå varmekjelen til meskekjelen. Pumpehøgda vil då bli høg og sirkulasjonspumpa di vil pumpa mindre. Vanlege sirkulasjonspumper er ikkje laga for å løfta høgt - i eit sirkulasjonssystem er det ikkje løftehøgde sidan alt sirkulerar og det spelar ingen rolle om det er 2 etasjar mellom pumpa og maks høgde på det som sirkulerar - det er berre motstanden i røra som set ned effekten av pumpa.
Det er mange som har ein variant av dette i form av eit RIMS-system eller HERMS-system - men i begge desse systema sirkulerar vørter i eit lukka system (RØR) frå meskekjele via varmemagasin til meskekjele (gjennom rør).
I eit normalt HERMS system (der vørter sirkulerar i rør frå meskekar til HLT(varmtvannstanken) og så tilbake til mesketanken) vil du vanlegvis ha ein 3. kjele du koker i med mindre du vil koka i mesketanken etter at den er tømt - det er kanskje ikkje praktisk å koka i HLT pga. mykje rør gjennom den (vel - dei kan jo brukast til kjøling etter koking og det er bra men dei tar plass og dei medfører sikkert ekstra vaskeutfordringar).
I eit RIMS system har du ein liten varmevekslar med stort varmelement der du raskt kan kjøra opp varmen men vørteren sirkulerar altså i eit rør gjennom varmevekslaren. Tradisjonell HLT vil vera tregare sidan den også varmar skyllevatn og den ekstra vassmengda vil det ta lenger tid å varma enn den små vassmengda i eit RIMS system.