Sit akkurat og drikk ein Slogen "Fjord". Eg kjøpte den og juleølet berre for å få bekrefta ein gong for alle at dei har fjøssignaturen.
Der tok eg feil gitt. Eg sit og leitar etter fjøssmaken i Fjord, men kan ikkje finne antydning. Sist eg smakte den var det ein ram smak av sauefjøs, men den er heit borte no :skitbra: Når det er sagt så vil eg ikkje skryte ølet opp i skyane. Det er eit heller kjedelig øl, ein grei pale ale.
For eit par dagar sidan drakk eg juleølet deira. Det har ein svak eim av fjøs, særlig i ettersmaken. Men ser eg bort frå den, var det eigentleg eit godt juleøl. Synd med denne signaturen