Det eg ikkje klarar å finne på nettet, og no har eg googla i fleire veker er meir spesifikk effekt av "Saccrification rest." Årsaka til dette er at eg har byrja å brygge med speidel og ynskjer å utnytte mulegheitene. Speidel har ulike forslag på stegmesking, 15 min på 63 grader 40 på 73, evt 25 min på 63 og 30 på 73. Er det nokon som veit 1. Kva effekt har steget på 73 grader ? 2. Kva effekt har det med kortare/lengre 63/73. 3. Kva skjer om eg aukar temp på maltosepausen til feks 66 grader? Eg kan sjølvsagt finne dette ut ved å brygge, men hadde vore hyggeleg om nokon har erfaringar å dele.