Tapping, minst trivelege delen av brygginga.

Stakk om på nytt spann med kran i går, og tappa på flasker og fat via kran frå omstikkingsfatet. Aldri meir hevert for min del. Først skyfla eg vekk mest mogleg av gjær/trub bort frå kranen med ei sterilisert sleiv. Tredde ein sterilisert slange på kranen. Det eg skal hugsa til neste gong er å laga meg ein krakk som er litt høgare enn fatet. Det trikset med plankebit under krana som trykkertor nemner skal eg prøva neste gong. Og så la mest mogleg bunnfella etter kjøling i kokekaret før tapping til gjærkar.
 
Fastferment konisk gjæringstank funker også veldig bra, bunnfeller meget godt. Fjerner bare trub og gjær til du ser det er øl under ventilen, og så vipps er det ren øl klar til tapping :)
Og gjennom 1/2" slange går det meget radigt også.
 
Eg opplever tapping på fat og flasker som den minst trivelege delen av brygginga. Alt det andre er ganske interessant og moro. tapping er om ikkje eit mareritt, så i alle fall ikkje like moro. Eg tappar kvar batch på corneliusfat og 10-12 flasker. Brukar pumpehevert direkte frå gjærspannet og først i flaskene, så resten i fatet. Brukar desse kvite 30L gjærspanna med kran. Har også ei sånn klype til pumpeheverten, men den passar sjølvsagt ikkje til kanten av spannet. Kan ikkje bruka kranen då eg alltid har gjær, humle og proteinrestar til over kran-nivået. I ut-enden av pumpeheverten har eg ei sånn flaskefyllestang med ventil som opnar seg når eg trykker den mot flaskebotnen. Den der klemma til heverten passar som sagt ikkje til kanten på spannet så heverten held seg ikkje i ro der den skal. Og så hender det ikkje for sjeldan at den kjem for djupt og drar med seg guffe frå karet, og så må eg starta forfrå igjen. Har ikkje stukke om til nytt fat for å minske mulighet for forurensing og luft, men må kanskje gjera det. Men då blir vel tapping på fat litt meir styr.
TAR GJERNE I MOT TIPS FOR Å GJERA TAPPEDAGEN TRIVELEGARE.

Ta å stikke om til nytt gjæringskar. Vent en dag eller to, nå vil du ha en tynn hinne med trub i bunn og du vil kunne bruke kran eller hevert uten problem. Gjør du dette med temperatur så langt ned mot null som mulig vil de kjemiske prosessene være såpass lite effektiv at du ikke får nevneverdig forringelse av brygget.
 
Tilbake
Topp