termometer på kokekjel

Hei, jeg ser det er en del som har termometer "integrert" i kokekjel. Er dette noe man kan lage til selv? Stikker selve termometeret gjennom veggen i kjelen, eller er det en fastmontert føler der som man bare kobler termometeret på?
 
Shvidsten skrev:
Hei, jeg ser det er en del som har termometer "integrert" i kokekjel. Er dette noe man kan lage til selv? Stikker selve termometeret gjennom veggen i kjelen, eller er det en fastmontert føler der som man bare kobler termometeret på?


Det vanlege er at termometer har ein såkalla thermowell - som i praksis er ein "brønn" som termometer er montert i.  Thermowellen vert montert i kjelen enten direkte eller i ei gjennomføring.  Thermowell fins separat men dei fleste termometre du finn i nettbutikkar er levert med thermowell.  Thermowell beskyttar den delen av termometer som måler temperaturen og sørger samans med gjennomføringa for at det ikkje vert lekkasje. 

Det fins ei rekkje løysingar på thermowellmontering: 
 
- montering av ei gjennomføring i kjelen og så montering av termometeret sin thermowell i gjennomføringa.  Denne metoden gjer at du kan bytta ut termometer seinare -f.eks. om du vil montera inn ein sensor i staden? eller anna.  I slike tilfelle er det lurt å sjekka at gjennomføring har same dimensjon for gjenger som gjennomføringa.  (pass også på hva type gjenger det er - gjenger i Norge er ikkje alltid det same som gjenger andre stader.  Normalt sett plar 1/2" (og 3/4") gjenger gå om kvarandre (norske BSP og amerikanske NPT).  Andre dimensjonar går ikkje om kvarandre. 

- nokre termometer sine thermowellar har "eiga gjennomføring" (Blichmann har vel denne løysinga)

Kor langt inn termometre sin thermowell stikk er avhengig av lengda på thermowellen.  I ein kokekjel treng dei ikkje gå særleg langt inn i kjelen - i ein meskekjel er det vanleg at dei går lenger inn.  Hugs også på at jo lenger dei stikk inn - jo meir er dei i vegen når du skal røra  i kjelen - enten det er kokekjel eller meskekjel.  I ein kokekjel brukar eg vanlegvis 50 mm lengde - då stikk termometeret bærre få millimeter inn i kjelen - mens i ein meskekjel brukar eg 100 mm eller 150 mm - og då stikk termometer 50-100(+) mm inn i kjelen.  Blichmann sine kjelar brukar såvidt eg veit 100 mm lengde. 

I meskekjelar er det ikkje alltid så praktisk å ha termometer montert over krana. Om termometer skal ha noko effekt bør det vera i mesken og gjerne nært midten (i høgd) og når termometer er montert over ein krane ein stor kjele - lyt ein kanskje bruka mykje malt for å få nok malt/væske over termometeret. 

Og du kan laga det sjølv om du har verktøyet for å gjera det.    Bruk enten eit godt holbor eller eit stegbor. Stegbor er best.  I rustfrie kjelar er det lurt å bora med sakte fart - ei skrumaskin sin fart er nok.  Og bruk ei olje for å kjøla boren når du borar. 
 
Tilbake
Topp