Dette var kjekt, og eg vil hermed melde mi interesse for å vere med på framtidige samlingar, enten det no heiter det eine eller andre
Elles kan eg stadfeste det som har blitt sagt av enkelte, at det allereie finst eit "Konnjøl Vest", som har arrangert treff sidan -92, då det kun var nokre få sunnmøringar att som dreiv med heimbrygging. Ein av dei var Stein Langlo frå Stranda, som seinare har vore Primus motor for desse samlingane. Det vert fortalt at det første åra vart stilt ein 10-12 sortar, og at halvparten var sure så det heldt ;-) Særleg siste 10 åra har kvaliteten visstnok heva seg veldig, og på samlinga på Eid i april var det stilt 59 veldig ulike øl, både i kvalitet, type og bryggemåte. 4-5 var ikkje drikkande (sure eller vassne), ca like mange av manglande kvalitet, medan resten var gode øl. Alle dei 30-40 beste var klare og fine, velbalansert i humle, maltsmak og sødme og høveleg karbonert. Dei 30 beste har siste åra vore øl av svært god kvalitet! Når det gjeld bryggemåte og utstyr, vil eg tru at godt over halvparten nyttar seg av tilnærma same metoder som folket i Norbrygg. Dei som slurvar med dette, fell gjennom i konkurransen.
Det kan nemnast at karane bak Troll Bryggerier (Slogen) er med og konkurrerer kvart år.
Dei siste to åra har det vore lyse og lette ales som har vunne.
Eg sjølv har vore med dei 4 siste.
Det var rundt 80 personar frå Nordfjord og Sunnmøre med på arrangementet på Eid i april i år, i tillegg til Petit som var der og selde sine varer.
Apropos tradisjon, så er vel ikkje øla som vore brygga på Sunnmøre siste 1000 åra noko anna enn ulike typer av ales, mørke og lyse, sjølv om nemningane som blir brukte kan vere noko ulike.
Så kan eg med glede melde at bryggarane i Volda og Ørsta har fått ansvaret for neste års arrangement, og førebels har vi sikta oss inn på slutten av januar/byrjinga av februar, slik at vi får med nokon av dei gode juleøla folk lagar rundt omkring. Då blir det eit meir ope arrangement, slik som NM, med bryggje-kurs både for nybyrjarar og vidarekomne, kurs i ølsmaking for utstillarane (som også er dommarane) og utnemning av publikumsfavoritt! Vi er i forhandlingar med Rokken (studenthuset i Volda) om bruk av deira lokale til arrangementet, så då kan det vere håp om å få svinga seg om kvelden òg ;-)
mvh
Helge Hamre