WLP001 - Gjæringstid og temperatur.

Sette min fyrste batch gjæra med WLP001 førre laurdag, og sit att med nokre spørsmål.

Fyrst litt om batchen: American Pale-ish lagertømmebrygg. SG:35 OG:43. Gjæren var som sagt i headingen ein WLP001 batch (BB 08.01.15), sinding temperert i lyskeområdet, og tilsett direkte i gjæringskaret, utan startar i 20grader varm vørter. Sette heile stasen i gjæringskapet, og sette på temperaturbrytaren. (Innstilt på 18 grader, starttemperatur i kjøleskåpet var rett i overkant av 20, erfaringsmessig går det då om lag 24 timar til temperaturen er senka stabilt til 18 grader.) Eg har gode erfaringar med å setje det slik, då dei fyrste 24 timane i 9 av 10 tilfelle har fått vekka gjæren, og eg har grei kontroll på temperaturen gjæringstida ut.

Eg sjekka karet syndag, då var det full stormgjær på gang, men med 18 grader i skåpet, føregjekk dette relativt sivilisert føre seg. Utover veka var det det same, til me skreiv onsdag morgon. Då var gjærhatten kollapsa, botnfellinga gjekk på travelt og det heile var litt trist, sidan det berre var 4 dagar uti gjæringa.

I dag opna eg opp, etter å ha grua meg i 2 dagar til å finna ein stormgjæra bastard i karet. Men dengang ei. Ølet smaka som det skulle, ikkje nokre usmakar av noko slag. Det smakte ferdig gjæra og modent for tapping. Gjæren hadde rydda fint etter seg og teke med seg det meste til botn.

Så kjem spørsmåla:
1. Kva gjæringstemperatur nyttar folket på WLP001?
2. Kor lang gjæringstid reknar de på den gjevne temperaturen?
3. Er det normalt at WLP001 tenner så avsindig og gjer seg ferdig i løpet av så få dagar?
 
1 pitcher som regel på 16, stig til 18, øker mot 20 mot slutten. Alt vørtertemp. Ikke omgivelsetemp.
2. 14dager
3. Høres normalt ut.

Vørtertemperaturen din kan ha vore 4-5 grader over omgivelse temp når det blåser som verdt. Derfor og kort tid.
 
1 pitcher som regel på 16, stig til 18, øker mot 20 mot slutten. Alt vørtertemp. Ikke omgivelsetemp.
2. 14dager
3. Høres normalt ut.

Vørtertemperaturen din kan ha vore 4-5 grader over omgivelse temp når det blåser som verdt. Derfor og kort tid.
Stort sett det Hans Einar sa. Pleier som regel ikke å sette opp til 20 mot slutten, men kjører 18 to the bitter end. Har også hatt den liggende flatt på 16C i to uker med godt resultat.

Redigert: Men pleier å bruke mer gjær ved lavere temperaturer ("hybrid"-innstilling på mrMalty)
 
Jeg pleier å gjære wlp001 på 19 grader til stormgjæringen er over for deretter å la den stige naturlig til 20-21 grader og la den fullføre der.

Min erfaring med wlp001 er også at den gjærer raskt og fullendt, gjæren er rett og slett et beist og er blitt min husgjær siden den er så allsidig. Bruker den stort sett i alt av blonde, pale ale og IPA.
 
Takk for gode svar.
Godt å ha ei lita kjensle for korleis dette skal gå, så eg slepp panikken neste gong. Er framleis litt svimmel av heile greia. Spesielt sidan ølet smakte godt, men kjedeleg... Hadde rekna med litt meir gjærkarakter, sidan det gjekk så "varmt" føre seg...
 
Tilbake
Topp