Blandingsforhold Star San på sprayflaske

Hei,

Litt usikker på hvor mye star san jeg bør blande i en 750 ml sprayflaske? Det er kanskje dumt å overdrive med for mye av det?

Sprayen vil da bli brukt til å desinfisere gjæringskar osv. alt som er i kontakt med ølet, og er hensiktsmessig å spraye. (Og la virke i ca 1 min eller mer)
 
Du kal vel bruka standard blandingsforhold enten det er for sprayflaske eller anna. 1.5 ml / liter eller 15 ml pr. 10 liter eller ca. 1.125 ml/750 ml..

Det er lurt å ha litt hjelpemidler a la kjemiker når du skal blanda ut StarSan. Eg brukar ein pipette med ml mål på men blandar også ei 10 liter bøtte når eg heldt på. Den varer fleire månader. Har du slikt utstyr kan du også laga til for 1 liter eller mindre.

Hugs SIV regelen som er Syre I Vatn og ikkje omvendt.
 
Eg er så freidig at eg berre heller i ein liten dæsj StarSan i min sprayflaske. Ååå, er det ikkje herleg å bryte alle reglar?!

Alle reglar og alle reglar - du har berre brote ein regel. Om du skal bryta alle så må du nok blanda i mykje meir enn star san i den spryflaska di. Kva med eit rør med Brettanomyces i same slengen?

Spøk til side: eg vil tru at så lenge du har nok starsan i blandinga så vil den vel få basilluskane til å sprekka og det er vel neppe krise om du ikkje overdriv. For lite derimot - då vil vel ikkje magien med starsan fungera.
 
Star san flaska mi måler minimum 1/4 oz, spray flaska mi måler 6,5 -7,5 dl
Da kan du selv regne etter
 
Godt å høre at jeg ikke er eneste som overdoserer starsan i sprayflaska. Har sikkert vært oppi 5 ml på en sprayflaske som er mindre enn 1l...
 
Berre så ikkje nokon skulle få det for seg at eg er eit hysterisk petimeter med pipette (og vekt som er nøyaktig til 0.001 gram):

Mi StarSan flaske er på 3.8 liter og har ikkje noko måleopplegg slik eg forstår dei små flaskene har. Så eg må nytta noko å måla med om eg skal vera sikker på at eg iallefall har *nok* StarSan i blandinga. Eg brukar vel typisk 15-16 ml på 8 liter. Det viktigste er vel at ein ikkje underdoserar.

Sidan eg er utstyrt med kjøken med rustfri ståloverflate er også StarSan fin å bruka der og på andre utvalde delar av kjøkenet om eg vil vera sikker på at f.eks. dei potensielt multiresistente kyllingbasilluskane får seg ein symjetur dei raskt gløymer.
 
Bruk vekt i stedet. Alle har vel en humlevekt. Tettheten er 1.32 g/ml. Dvs trenger man 1.98 eller la oss si 2 g/l for standard konsentrasjon 1.5 ml/l.
 
Sist redigert:
Den lille flasken med Starsan med innebygd målebeger er nå litt morsom også. Målebegeret er oppgitt i ML. milliliter, mens bruksanvisningen på flaska angir mengdene i blandingsforholdet i oz. Ikke helt konsekvent.
 
Hvordan er det å få i seg utblandet starsan? Jeg har en blanding på 30ml/20l som jeg vurderer å kjøre gjennom en isbitmaskin etter vasking.
 
Eg syns no rein starsan smakar litt godt eg.. :eek: Det herlege "bittet" av 50% fosforsyre!
Slapp av, vi snakkar ikkje ein shot, kun brøkdelen av ein drope rett bort på tunga.. ;)
 
Det lukter hvertfall godt. Men med tanke på hva det gjør med kjøkkenbenken tror jeg det er lurt å holde det utenfor kroppen.
 
Sist redigert:
Eg syns no rein starsan smakar litt godt eg.. :eek: Det herlege "bittet" av 50% fosforsyre!
Slapp av, vi snakkar ikkje ein shot, kun brøkdelen av ein drope rett bort på tunga.. ;)

Er vel i nærheten av coca-cola, er det ikke?
..De er muligens nede i 15% fosforsyre?
 
Tilbake
Topp