No har eg berre flaskekarbonert to brygg med WLP 002 som er Whitelabs sin versjon av Wyeast 1968, og det var ein mild (3,7 %) og ein bitter (3,9 %). Begge øla fekk godt med kolsyre. Men ut frå andre si erfaring flaska eg øla eit par dagar etter at dei var ferdig utgjæra. Det var kanskje med på å sikre at der framleis var gjær i ølet?
Men blir spennande å prøve neste gong eg skal brygge bitter, for då har eg tenkt å la eine gjæringskaret få prøve seg på gjæringsoppsettet til Fullers: starte gjæring på 17 grader. La stige til 20 grader i løpet av 8 - 12 timar, og la det gjære ned ca 50 % av OG. Kjøle ned att til 17 grader og la gjære ned til 1/4 eller 1/5 av OG. Kjøle ned til 6 grader i 2 dagar, og heve temperaturen til 10 grader for lagring i ca 1 veke. Lurer på om det her kan bli kolsyre utan tilsetting av ekstra gjær...