Humle(kombo) furunål preg (east coast) ipa

Ollikainen

Norbrygg-medlem
Noko av dei beste luktene / smakane eg veit er den lukta du får når du knekk nye furuskot om våren og den lukta dei har. Eller den smaken mangoen avogtil har heilt inntil stilken, når den smakar skikkeleg «furu» på ein måte. Det hadde vore utruleg kult å lukkast med å få fram noko liknande smak- og aromapreg frå humler i ein «east coast» ipa.

humledrivne øl er ikkje det eg har eksperimentert mest med tidlegare, så alle tips og råd her blir mottekne med takk.

Likar veldig godt kona big wave sin golden ale og har brygga øl inspirert av dette ølet fleire gonger med humlekombinasjonar citra/galaxy og vic secret/ citra. Skikkeleg gode, men igjen i eit heilt anna kontinent humlemessig og erdaringar her hjelp meg ikkje mykje ..

Litt surfing på bryggselv sin nettbutikk så utpeikar desse humlene seg som alternativ:
Chinook: furunål og grapefrukt
Mosaic: tropisk frukt, sitrusurter og furunål
Simcoe: pasjonsfrukt, furunål og sitrus
Zappa: mango, pasjon, sitrus, krydder, furunål.
Idaho-7: tropisk frukt, sitrus, furunål, svart te..

kanskje vore kult å hatt i friske furuskudd og, sidan våren nermar seg veldig?

seier ikkje at eg trur det er ein god idé å bruka alle desse humlene på ein gong, men ein kombinasjon av to eller kanskje tre typar? Nokon erfaringar med desse humlene? Kanskje eg treng «noko attåt» frå andre humler for å få det eg eigentleg «vil ha»?
 
Reint instinktivt så melder jo humla Northern Brewer seg når stikkordet er furu, men eg har aldri smakt ein IPA med denne humla, det er det nok ein grunn til.
Den er jo superklassisk i California common/steambeer/dampøl, men mengdene her er ikkje i nærheten av IPA-territorium. Ser den ikkje anbefales brukt i mengder.

Eg brygga ein gammal favoritt for ei stund tilbake, "Fandens IPA", ein vestkyst IPA som blei brygga som collab mellom Lervig og Voss Bryggeri i 2013. Den har ein citrus/furunåls-karakter og solid bitterhet.
Der brukes humlene Warrior (bitterhumle), Ahtanum, Centennial og Summit.
 
Noko av dei beste luktene / smakane eg veit er den lukta du får når du knekk nye furuskot om våren og den lukta dei har. Eller den smaken mangoen avogtil har heilt inntil stilken, når den smakar skikkeleg «furu» på ein måte. Det hadde vore utruleg kult å lukkast med å få fram noko liknande smak- og aromapreg frå humler i ein «east coast» ipa.

humledrivne øl er ikkje det eg har eksperimentert mest med tidlegare, så alle tips og råd her blir mottekne med takk.

Likar veldig godt kona big wave sin golden ale og har brygga øl inspirert av dette ølet fleire gonger med humlekombinasjonar citra/galaxy og vic secret/ citra. Skikkeleg gode, men igjen i eit heilt anna kontinent humlemessig og erdaringar her hjelp meg ikkje mykje ..

Litt surfing på bryggselv sin nettbutikk så utpeikar desse humlene seg som alternativ:
Chinook: furunål og grapefrukt
Mosaic: tropisk frukt, sitrusurter og furunål
Simcoe: pasjonsfrukt, furunål og sitrus
Zappa: mango, pasjon, sitrus, krydder, furunål.
Idaho-7: tropisk frukt, sitrus, furunål, svart te..

kanskje vore kult å hatt i friske furuskudd og, sidan våren nermar seg veldig?

seier ikkje at eg trur det er ein god idé å bruka alle desse humlene på ein gong, men ein kombinasjon av to eller kanskje tre typar? Nokon erfaringar med desse humlene? Kanskje eg treng «noko attåt» frå andre humler for å få det eg eigentleg «vil ha»?
Kinn's Vestkyst har det eg meiner er den klassiske kombinasjonen for ein IPA med det preget du leitar etter. Det er like delar Simcoe, Centennial og Columbus (eller Zeus eller Tomahawk, som er same humla) @ 30, 15 og 0. I tillegg til desse tre brukar dei Amarillo under tørrhumlinga. Slik:

0,6 g/l Simcoe, 30 min.
0,6 g/l Columbus, 30 min.
0,6 g/l Centennial, 30 min.
0,6 g/l Simcoe, 15 min.
0,6 g/l Columbus, 15 min.
0,6 g/l Centennial, 15 min.
0,6 g/l Simcoe, 0 min.
0,6 g/l Columbus, 0 min.
0,6 g/l Centennial, 0 min.
0,7 g/l Simcoe, tørrhumle
0,7 g/l Columbus, tørrhumle
0,7 g/l Centennial, tørrhumle
0,7 g/l Amarillo, tørrhumle

Aromaolja myrcene er viktig for det preget du ynskjer. Ho er uønskt i NEIPA, men viktig i ein IPA - meiner eg:) - og kjem betre fram om humla får liggje i ei stund. Kinn tørrhumlar ei veke før tapping, og det blir jo bra:).

Humleskjemaet over gir kraftig med bitterheit, omlag 70 IBU.

Chinook er og ei humle du kan vurdere for å få fram furunålssmaken/-aromaen - sjølv om eg meiner å hugse at Espen Lothe har sverga på aldri å la den humla koma i nærleiken av noko øl frå Kinn:).
 
Northern Brewer og Chinook og Simcoe er gode alternativ. Alle kan tilsettes i flere omganger. Har ikkje prøvd NB som tørrhumle.
Northern Brewer er vel brukt stort sett i europeiske øltyper - og i California Common, hvor den er signaturhumle. I The New IPA av Scott Janish (den nye humlebibelen:)) er den på ei liste over humler som har lite å bidra med i seine tilsetninger, og den er på ei annen liste over humler som frarådes i NEIPA fordi de gir "kettle aroma" ved lengre koking, dvs. de kryddertonene vi er ute etter i f.eks. pils, men som altså anses som forstyrrende i en NEIPA. Og jeg trur ikke jeg ville hatt dem i andre humledrevne amerikanske øl, heller.

Mynte er den smakskvaliteten jeg ser mest oppgitt som typisk for denne humla, men også "resinous". Jeg har brukt den en del som bitterhumle i pils, og sjølsagt i California Common, men kan ikke si at jeg har opplevd noe furupreg, så det må være til dem med mer følsom gane enn meg at den kan gi den smaksopplevelsen.
 
Takk for gode og interessante svar ! Kjekt med referansar til kjente øl og oppskrifter som «smakar godt» når ein skal prøva seg på noko nytt. Er vel dei færraste som blir imponert når dei smakar på noko og beskrivande smakar blir kattapiss og såpevatn .:)
Tippar eg kjem til å gå for litt lågare ibu enn 70, i alle fall ikkje høgare.

legg ut oppskrifta her når eg får pønska litt på den . Og eventuelt det endelege resultatet, så kan det stå til inspirasjon eller skrekk og advarsel :)
 
Satt akkurat og klødde meg litt i hue når det gjaldt tørrhumling av en IPA. Hadde tenkt like deler Cascade, Centennial og litt Chinook, men ender med en litt røffere variant: 100 gram Centennial og 60 gram Chinook (til 25 liter). Trur det skulle gi både kattepiss, marijuana og terpentin:). Og ikke minst: Grapefrukt. Flower-power. West Coast. No crystal. Og så slenger jeg sikkert i noe Amarillo etter ei stund, også.

Hvis denne blir noe i nærheten av det jeg drømmer om ... :cool:.

Men nå er det Catalonia rundt med Paasche og Drivenes - og Hvideberg med fire trøyer. (Sprøeste norske sykkelbegivenhet ever???) Har spart dagens etappe litt. Og så blir det tørrhumling etterpå:).
 
Sist redigert:
Tilbake
Topp