KegSmarts på Kickstarter

No er eg vel det ein kallar ein nerd men denne påstanden er litt i overkant jamvel for meg

"KegSmarts™connects to the internet over Wi-Fi to help create the best at-home craft beer experience for the true craft beer aficionado."

Eg ser ikkje heilt at mi "at-home craft beer experience" skal bli noko særleg betre av wi-fi tilkoplinga. Eit lite enkelt skilt på kranen hjelper jo til å skilja IPAen frå Stouten - eg treng ikkje wifi for det. Om eg lurer på kor mykje som er igjen i fatet kan eg opna kjøleskapsdøra og løfta litt på fatet - det er mykje enklare enn å setja opp Wi-fi. Temperaturen greier stort sett kjøleskapet å ta seg av og i verste fall kan eg bruka ein STC-1000 eller ein UT200 for å styra det meir nøyaktig - utan eg treng wi-fi.

Og vil eg at dette skal oppdaterast på ein "portal" på verdsveven? Her er vel sikkert direkte koplingar til fjesboka og kanskje jamvel twittør og anna slikt som eit moderne menneske idag må ha for å kjenna seg som ein del av samfunnet. Og når eg står i naustet og greiar gytetorsken ut or garna på ein laurdagsformiddag - så kan eg ta fram min androide telefon og sjekka status på kor mykje øl eg har på kjøl der heime om eg skulle ha gløymt det.

I desse tider med fokus på CO2 trur eg kanskje det hadde vore eit betre salgsargument om denne dingsen kom med si eiga vindmølle eller sitt eige solcellepanel slik at ein vart CO2-nøytral - iallefall så nøytral ein kan bli med ein Kegerator? Kanskje ein då jamvel kunne få momsfritak og fritak for tollklareringsavgifter - noko a la det som dei som kjører rundt i elektrifiserte bilar får?
 
Tilbake
Topp