Hei,
Eg hopper på denne tråden, då eg har ei noko lik problemstilling som Endre her.
Satte mitt første brygg for nokre månadar sidan, og heller om dagen til å tømme ut samtlige flasker, då det smaker sjit. Samstundes les eg jo fleire stader at i mange tilfeller gjeld regelen "tiden leger alle sår", og "dont worry, have a homebrew".
For å oppsummere prosedyre frå bryggelogg:
Eg brygga med ei gjær som på ingen måte hadde fått fin behandling, og som var alt for gammal. Utan startar for å vere sikker på å gi dårlig start. Vidare fann eg ut halvvegs i bryggeprossessen at termometeret mitt var gåent, og at eg antagelegvis hadde meska på feil temperatur (har diverre ikkje notert om det er feil temp opp eller ned). OG var på 1040. Gjæringa starta først etter 4-5 dagar, og det bobla ikkje lange tida. 2 veker etter "boblestart" viste SG 1020. Forsøkte hydrere tørrgjær for å få i gang att gjæring, samt ein "swirl" av eksisterande gjær i nokre dagar ei tid etterpå. Kombinasjonen av desse to ga meg likevel berre ein FG på 1018 2 veker etter den nyte gjæra var tilsatt. Etter å ha gitt opp å få noko betre utgjæring blanda eg med sukker i nytt kar, forsøkte så godt eg kunne å få med gjær og anna rask, og flaska ølet. Etter 2 nye veker på flaske i romtemperatur satte eg 1 flaske i kjøleskapet eit døgn. Denne smakte, gjær. Har no venta ei god veke ekstra, samt forsøkt å kjøle øla i lengre tid (5 dagar) i tilfelle det skulle vere behov for. Lukt og smak: Gjær.
Er dette tapt kamp? Og, er det noko eg ikkje har belyst som vil kunne vere feilkilden her, eller er det kombinasjonen dårlig mesketemperatur og manglande startar som er problemet?
Ølet har forøvrig karbonert seg, om enn noko i overkant mykje (men dette trur eg gjerne har med at eg bomma litt på reknestykket mitt og fikk nokre gram for mykje sukker).