Dette har eg faktisk venta på, men langt i frå dette omfanget.
Det har lenge synast openbart at eindel av bryggeria i marknaden ikkje har godt nok utvikla rutiner. At ei rekke bryggeri ikkje gjer gode nok testar på produktet før det vert slept i marknaden har ein då lenge kunne observere i form av usmakar, infeksjonar, skumbomber -- og no altså ignorante testpraksisar kva gjeld alkoholinnhaldet.
Delar av bransjen meinar kanskje sjølve dei er så "kompromisslause" at dei ikkje kan justere seg til lovlege nivå. Dei har altså prøvd og ta polsuksessen sin over i massemarknaden og daglegvaresegmentet, og med det måtte kompromisse/bryte lova for å halde på smaken.
Truleg har også enkelte berre sent same produktet som går til polet, rett ut til butikkane med ulik etikett. Alt for å halde volumet, minske svinnet og behalde éi produktline.
Snakk om belly up for enkelte bryggeri!
Her ventar det nok føretaksstraffer, og etterinnbetaling av avgifter som skulle ha vore betalte.