Atmel studio med arduino addon er fint å bruke, du får syntax kontroll og enkel tilgang til biblioteka (alt+g), bakdelen er at du ikkje har så god oversikt mtp biblioteka og døma som er tilgjengelig fra arduino, men du kan alltids fyre opp att arduinoIDEen att, alle import osv fungerer som før i atmel studio.
For å bruke debug mode må du ha ein programmerar frå atmel og du må modde kortet litt, dvs fjerne reset kondensatoren og sette på ein større pull up modstand. Du programmerer direkte på AVR chipen med ICSP pinnane. Altså; arduino spesifikk syntaks fungerer ikkje, du må bruke vanleg embedded C, og du må bruke databladet til avr chipen for å sette register. Dette er mykje knot til å begynne med og spør du meg så er ikkje debug verdt bryet med mindre du er spesiellt interessert i avr programmering...
Eg veit ikkje om du kan få debug mode med berre usb til arduino men eg tvilar sidan du må ha ein eigen chip til dette..
Og ein høveleg advarsel, om du har ein programmerar og prøver å koble til isp pinnane på arduinoen med debug mode så får du ikkje deaktivert det. Då må du bytte avr chipen eller ta ein såkalla high voltage programming fuse pin reset.. eller gjere moden nevnt over.
Om nokon er interessert kan eg skrive ein kjapp guide på korleis gjere modden.
Edit; Ser at alt eg skreiv ang visual studio allerede var skreven i ein link over her, og at du får debugga med usb uten å modde kortet. Shame on me for å ikkje lese skikkelig