Har eit nybyrjarspørsmål som sikkert er stilt hundre ganger før, men håper på hjelp like vel. Me har brygga vårt fyrste brygg, ein Ægir IPA. Ølet er veldig klart, smaker godt, og har fått litt høgare alkoholprosent enn det oppskrifta la opp til (skulle bli 6,5, me hamna på 8,1).
Då me skulle flaske gjorde me omstikk til nytt kar etter å ha coldcrasha i fem dager (av praktiske årsaker fekk me ikkje flaska den dagen som var planen). Me hadde eigentleg tenkt å ha i sukkerlaka før omstikk, så den fekk blande seg ordentleg inn, men me gløymte det, og måtte røre den inn etterpå. Av frykt for oksidering rørte me ikkje hardt, men laga ein whirlpool.
No har flaskene stått i bod med varmekabler (på mellom 25 og 30 grader) i to veker. Flaskene me har testa så langt har vore nesten daue, kun ein lite poff når ein opner dei. Me mistenkter at me ikkje fekk blanda sukkeret godt nok ut, og kan vel sånn sett ha eit par fonteneflasker/bomber ståande. Eit anna alternativ er vel at det ikkje er nok gjær igjen til å ete sukkeret, men det har eg skjønt etter febrilsk googling at er lite sannsynleg.
Mine spørsmål er:
- Dersom me opner flaksene og det er heilt daudt, kan me då legge oppi ein karboneringsdrops og så forsegle igjen?
- Har den høge alkoholprosenten noko å seie?
- Kan det enno komme kullsyre, eller er løpet kjørt?
- Tilsette meir gjær i flaskene? Eller er det det samme som å armere ein granat?
Føles veldig kjipt å kassere 19 liter godt brygg som me jo har brukt relativt mykje tid på...