Eg brukar ein slik:
http://www.ebay.com/itm/316-316L-SS...278?pt=LH_DefaultDomain_0&hash=item45f07664a6
Sirkulerar kaldt vatn fra ein tappelinjekjølar. Vart overraska over effekten. Kjølet ned til 15 grader under romtemperatur, med 100L øl i tanken. Det tar vel bortimot eit par døgn fra 18-20 og ned til 4-5.
Har berre brukt den på to brygg, så er ikkje heilt stø på tidene, men effektivt var det.
Skal bygge inn ein innline varmar med eiga pumpe og sjekkventilar for varming. Har ikkje hatt behov for varme på dei to brygga i sommar med dette opplegget.
Tenkte kansje å bruke ein universal motorvarmar, berekna for å montere inn i kjølevasslangane som varmeelement. Men er ikkje sikker på kva effekt det er på dei. Må forske litt på det.