I dag brygga eg 40l IPA og samtidig testa eg kjele-i-kjele bryggeriet. Laga eit forsøk på vørterøl.
5kg malt (4kg pale, 0,5kg munic, 0,5kg mørk krystall) meska i 20l vatn. Varme vatnet til 70 °C, senka maltkjelen sakte nedi og lot malten absorbere vatnet. Dette måtte gjerast forsiktig så det ikkje skulle renne over kanten på gryta.
Havna på ca 67 °C når malten var rørt ut. Hadde sikta på 65 °C så eg bomma litt. Iom. at det skal bli vørterøl spelar det ingen rolle.
Resirkulerte med pumpa under heile meskinga, og silebotnen som er laga av perforert rustfri plate med 2mm hol fungerte heilt prima.
Temperaturen sank etterkvart ned til 65 °C som innstillt på PID'en, og etter det holdt den stabil temp med avvik på +/-0,2 °C, noko som må vera veldig bra. Temperaturen i sjølve mesken var og veldig stabil og jevn.
Etter ein times mesking løfta eg ut maltkjelen og satte den over kokaren på to trepinnar og lot den renne av seg. Helte over 6l varmt vatn for å vaske maltsenga samtidig som eg stilte PID til rett over 100 °C.
Etter eit kvarters tid kokte det. Lokket på gløtt og kokinga var passe. Humla med 20g EKG, og kokte totalt 30 minutt. Etter koking køyrde eg pumpa slik at eg fekk whirlpooleffekt i gryta, noko som kan sjåast på bilde var effektivt.
Vørteren vart veldig klar og fin. Enda med 20l vørter med Sg 1,055. Det gir effektivitet på 73%. Trur eg skal klare å tyne den opp til over 75% ved å køyre utmesksteg på 78 °C, skylle med varmare vatn/meir vatn. Og ev. knuse malten litt finare, noko eg trur kan gå bra med den silbotnen eg brukar.
Alt i alt eit veldig kjekt bryggeapparat!
Har fått plassert temperatursensoren slik at tuppen stikk inn ca 10-15mm i kjelen. Tanken er at den då virkar både ved sirkulering av vørter under mesking og under koking og nedkjøling. Ov ved oppvarming av vatn sjølvsagt.