Brygga på kjele-i-kjele-bryggaren i gårkveld. Fra eg meska inn til alt var vaska tok det under fire timar, men då var meskevatnet allereie klart
Ufatteleg lettvint.
Fylte opp 20l vatn i kjelen, satte PID på 65 °C og gjekk for å vege opp og kverne malt. Meska inn 4,35 kg totalt. Etter mesking løfta eg ut maltkjelen og tømde over 7l varmt vatn rett frå springen, ca 50 °C. Satt då igjen med ca. 22,5-23l i kjelen. Kokte ein time og fekk ca 19l i gjæringspannet, og ca 1l igjen med trup og humlerestar.
OG 1,052 og ~19,5l.
PID held tempen relativt stabilt, varierar litt opp og ned, men i mesken er det veldig stabil temperatur. Silebotnen med 2mm hol virkar vanvittig bra syns eg. Får såpass god flow at Iwaki MD-10-pumpa kan gå på full guffe utan at det tettar seg. Men for sikkerheit skuld strupar eg ned med ca 1/2-open kuleventil.
Beersmith reknar meskeeffektivitet på 75% på dette og det er eg absolutt fornøgd med med så lite skolevatn og så tynn mesk (4,6l pr. kg. malt).
Brukte 1 tablett protafloc og det ser ut til å vere god effekt i den. Trub samla seg i store mengder i botnen men eg var litt for utolmodig og tappa i gjæringskaret litt for rastkt etter kjøling og fekk med ein del grums.
Første test av Citra i ein enkel pale. Det luktar digg.